NRK Meny
Normal

Etterlyser tenåringar etter knivstikking

Politiet etterlyser to ungdommar etter at ein mann vart knivstukke i Ålesund onsdag morgon.

Hundesøk

Politiet avslutta søket etter tenåringsgutane og ber om tips frå publikum.

Foto: Frode Berg / NRK

Hendinga skjedde på Myrland i Ålesund i 09-tida om morgonen då ein tilsett ved bedrifta Polyfrom kom over to gutar som stod utanfor bedrifta.

– Gutane stod og styrte med noko i ein bag. Plutseleg trakk ein av dei kniv og stakk den tilsette, sa operasjonsleiar Magne Kjønnøy til NRK.

Mannen har fått lettare knivskadar som følgje av angrepet. I samband med etterforskinga etterlyser politiet to ynge personar. Den eine forlèt staden på sykkel.

To etterlyste

Den eine personen er bleik i huda og om lag 180–185 centimeter høg. Han er truleg i 15–17 årsalderen. Ifølgje etterlysinga til politiet har han spinkel kroppsbygning. Han er nesten heilt barbert på den eine sida, og har ein brei og låg hanekam på toppen. Tenåringsguten var iført ei lys og litt lang t-skjorte og ein lang kvit shorts.

Den andre personen er kvit i huda, om lag 160–165 centimeter høg. Også truleg i 15–17 års alderen. Han er tynn og har kort, brunt hår. Onsdag morgon var han iført lys blå t-skjorte med ein stor fleirfarga logo på brystkassa og ei lyseblå dongeribukse.

Sykkelen

Sykkelen har sølvgrå ramme med svart skrift på den øvste stanga som går mellom setet og styret. Setet er svart, og dekka er tjukke turdekk. Det var svarte sykkelhorn på styret. Sykkelen hadde ikkje bagasjebrett.

Ber om tips

I ei pressemelding skriv politiet at dei ønskjer å kome i kontakt med personar som kan ha opplysingar om saka.

Telefonnummeret til Sunnmøre politidistrikt er 02800.