Etterlyser eldre mann etter pengefunn

Tilsette ved ein daglegvarebutikk i Tjørvåg etterlyser ein eldre mann etter funn av ein større pengesum. Så langt har dei inga aning om kven mannen er.

Laster kart, vennligst vent...

Coop-butikken ligg på vegen mellom Tjørvåg og Fosnavåg og har difor mange kundar som droppar innom.

Onsdag ettermiddag var ein eldre kar innom Coop-butikken i Tjørvåg. Han betalte med kontantar og gjekk derifrå. Kort tid tid etter, fann dei tilsette ein bunke med pengar som låg på golvet.

– Dei låg faktisk rett nedanfor kassa. Det var ei av dei andre tilsette som kom forbi og såg at det låg ein bunke med pengar der.

Det seier butikksjef Eva Måløy. Det var ho som sat i kassa då mannen besøkte butikken. Ho seier dei fann pengane like etter at mannen hadde gått frå butikken.

Veit ikkje kven han er

Det var avisa Vestlandsnytt som først fortalte om saka.

Laster Twitter-innhold

– Vi kjende han ikkje, og ikkje brukte han medlemskort slik at vi kunne identifisere han ut i frå det. Eg trur eg har sett han før, men ingen av oss veit kven han er, seier butikksjefen.

Måløy seier dei både har vore i kontakt med politiet og dei har lagt ut etterlysinga på butikken si facebook-side, utan at ho trur det nødvendigvis vil hjelpe.

– Det er jo ein eldre mann dette, så vi er vel i tvil om han er ein ivrig facebookbrukar. Men vi håper han kanskje har slektningar eller kjenningar som kan sjå etterlysinga vår, seier Måløy.

Vil ikkje ut med summen

Måløy seier dei ikkje ønskjer å gå ut med nøyaktig kor mykje pengar det er snakk om

– Det er jo like greit at ikkje alle veit akkurat kva beløpet var, for vi vil jo gjerne at rette vedkommande skal få pengane igjen.

Ho trur dei vil kjenne mannen att dersom han kjem innom.

– Ja, vi syns jo dette er litt ille for mannen, men det var eg som ekspederte han, og eg skal heilt sikkert kjenne han att om eg ser han igjen.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.