NRK Meny

Etterlyser eigar av Lami 425

Både politibåt, kystvakta, ambulansehelikopter og fleire sivile båtar er med i søket etter eit båtfunn ved Stokkholmen i Ellingsøyfjorden. Operasjonsleiar Arild Reite seier at dei ikkje har funne noko som tyder på at det skal ha vore folk i båten, som skal vere ein Lami 425. Dei prøver no å finne eigaren av småbåten via serienummer, og båten er dratt i land på Stokkholmen.

ambulansehelikopter ellingsøy
Foto: Jacob Høyberg