NRK Meny
Normal

Etterlyser bilførar etter trafikkulykke

Politiet etterlyser føraren av ein eldre svart Mercedes etter ei trafikkulykke aust for Magerholm i 08.30-tida.

Bilulykke mellom Magerholm og Glomset

Ein bil køyrde av vegen aust for Magerholm.

Foto: Frode Berg / NRK

Ifølge politiet har Mercedesen foretatt ei forbikøyring i stor fart, og kan ha vore medverkande til ulykka.

Føraren av bilen, og vitne som kan ha sett noko, blir bedne om å ta kontakt med politiet.

Det var ein bil som køyrde av vegen og to personar blei tilsynelatande lettare skadde.

Vegen blei stengt etter ulykka, og omkøyring via europavegen, før det blei manuell dirigering. Vegen blei opna for fri ferdsel like før klokka 09.30

Bilulykke mellom Magerholm og Glomset

Ein eldre svart Mercedes kan ha medverka til ulykka, og føraren er beden om å ta kontakt med politiet.

Foto: Frode Berg / NRK