NRK Meny
Normal

Etterforskinga etter Scandinavian Star: - Ei stor skam

Allereie då Arvid Rusten (66) frå Sykkylven kjempa med flammane konkluderte han med at brannen var påsett. 25 år etter dødsbrannen ombord i Scandinavian Star er saka framleis ikkje oppklart.

Arvid Rusten

Arvid Rusten (66) frå Sykkylven overlevde dødsbrannen om bord i Scandinavian Star. Han meiner etterforskinga har vore skammeleg.

Foto: Remi Sagen

Arvid Rusten overlevde dødsbrannen der 159 miste livet. Saman med ein trenar til og fem born var han på veg til Danmark på bordtennisturnering då det begynte å brenne ombord i ferja Scandinavian Star.

Sjå dei første tv-bilda inne frå båten her.

– Det å reise til Dannmark var veldig spennande for ungane, dei gledde seg veldig til turen, seier Rusten i dag.

Les også:

Trudde det var påsett

Men turen blei alt anna enn lysteleg. I 2-tida om natta begynte det å brenne. Sykkylvingane var med å sløkkje den første brannen om bord, rett utanfor lugaren.

– Dette er påsett, her er ein pyroman ombord i båten, det huskar eg at eg sa, minnest Rusten 25 år etter, og legg til kva mannskapet sa:

– Vi fekk beskjed om at vi berre skulle gå og leggje oss igjen.

Sjå tv-reportasjen her:

Overlevande etter Scandinavina Star-katastrofen meiner mykje har gått gale i åra etter brannen.
Dei meiner det er skammeleg at det har gått så lang tid utan å at ein har fått klarlagt kva som skjedde då 159 menneske miste livet. I dag er det 25 år sidan skipet byrja å brenne.

Alle frå Sykkylven overlevde

Ei stund etter gjekk katastrofealarmen. Bordtennisgjengen kom seg på dekk, og vart med i den første livbåten. Alle overlevde. Arvid Rusten meiner likevel at svært mykje har gått gale i løpet av dei 25 åra etter brannen.

– Eg meiner det er ei stor skam, det burde vore gjort på ein heilt annan måte. Det var alt for enkelt, eg føler at det har vore ridd prinsipp heile tida. Dei har bestemt seg for noko, og så skal det på død og liv haldast, slår han fast.

Ventar på ny gransking

Tidlegare i år blei det klart at det er fleirtal i Stortinget for at ein uavhengig kommisjon skal granske mordbrannen. Når delar av saka no er gjenopptatt håper Rusten å kunne få nye svar.

– Eg er veldig glad for at dei er komne så langt at dei har tatt til vet og vil ta opp igjen saka. No håper eg at dei set skapet på rett plass, der det skal vere, og ikkje slik som det har vore gjort før, seier han.

Les også: