Hopp til innhold

Rykteflaum rundt etterforsking av asylsøkjarar

To mindreårige asylsøkjarar er under etterforsking for eit muleg overgrep mot ei jente i Ulsteinvik. Saka har skapt rykteflaum i bygda, og ordføraren involverer seg no for å roe ned situasjonen.

Vollane

ASYLMOTTAK: Dei to mistenkte gutane budde på Link sitt mottak i Ulsteinvik og er mellom 15 og 17 år.

Foto: Arne Flatin / NRK

Leif Arne Mork

Fungerande lensmann i Ulstein og Hareid, Leif Arne Mork, seier at det mulege overgrepet ikkje har skjedd i tilknyting til skulen.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det er inga valdtektssak. Vi etterforskar eit muleg seksuelt overgrep, seier fungerande lensmann i Ulstein og Hareid, Leif Arne Mork til NRK.

Mindreårige gutar

Saka vart meld til politiet sist veke. Dei to mistenkte gutane budde på Link sitt mottak i Ulsteinvik og er mellom 15 og 17 år. Dei er no flytta til andre mottak, i samarbeid med UDI. Det fortel Hallstein Saunes, som er dagleg leiar i Link. Han seier at dei har sett i verk dei tiltaka dei meiner er rett, ut ifrå det dei veit om saka akkurat no.

Hallstein Saunes, som er dagleg leiar i Link

Hallstein Saunes, som er dagleg leiar i Link, fortel at gutane har blitt flytta til andre mottak i samråd med UDI.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Politiet har stadfesta overfor oss at det ikkje er snakk om ei valdtektssak. Kva anna som ligg i saka, har eg ikkje kjennskap til. Ingen er sikta, men i samråd med politiet har vi valt å flytte dei to gutane midlertidig til andre mottak medan etterforskinga pågår.

– Kvifor har dei blitt flytta?

– Politiet har pålagt gutane å ikkje oppsøke den andre parten i saka. Sidan dei gjekk på same skule som jenta, meinte vi det var rett å flytte dei til andre mottak. Det var rett, men det var ikkje lett å flytte dei, sidan dei førebels berre er mistenkte. Det er mindreårige det er snakk om her, seier Saunes.

Rykteflaum

Ordfører Knut Erik Engh

Ordføraren i kommunen, Knut Erik Engh, seier at dei er opptatt av å få ei balansert framstilling av saka.

Foto: Andrine Davidsen / NRK

Ordføraren i Ulstein, Knut Erik Engh (Frp), fortel at det har oppstått ein rykteflaum rundt saka.

– Vi i kommunen vil ikkje blåse opp situasjonen, men vi vil likevel vise til folk at vi tar saka på alvor, seier ordføraren.

Kommunen har difor kalla inn dei ulike partane med mål om å løyse situasjonen. Kommunen har også bede skulen om å samle FAU, drivaren av asylmottaket og politiet for å få ei balansert framstilling av saka.

Dei to gutane fekk norskundervisning på same skulen som jenta går på. Det vert no forandra. Ifølge ordføraren har det lenge vore snakka om å flytte dette tilbodet til eit anna lokale.

– Vi har valt å framskunde arbeidet med å etablere undervisninga av einslege mindreårige asylsøkarar utanfor skulen. Dei har hatt eigne klasser og stort sett undervisning utanfor vanleg skuletid. Men vi gjer dette blant anna for å roe ned situasjonen, seier Engh.

Skal ikkje ha skjedd på skulen

Ifølge lensmannen skal det mulege overgrepet ha skjedd utandørs og var ikkje i knytt til til skulen eller noko arrangement. Politiet driv vidare etterforsking av saka for å få klarheit i kva som har skjedd, og om det er straffbart.

Saunes er opptatt av at politiet no får etterforska saka ferdig, og han meiner spekulasjonar og ryktespreiing er uheldig for alle partar.

– Vi meiner vi har tatt dei grepa vi skal, no, så får vi berre vente på resultatet av etterforskinga, seier han.