Hopp til innhold
Søppeldunker
Foto: Torild Øvrelid / NRK

Etterforsker korrupsjon i Årim

Oppsummert

En ansatt i miljøselskapet Årim er under etterforskning for korrupsjon. Politiet har mottatt en anmeldelse fra ledelsen i selskapet.

  • Dømt for korrupsjon

    Ein tidlegare tilsett i renovasjonsselskapet Årim er dømt for fire tilfelle av korrupsjon. Det melder Sunnmørsposten. Mannen er dømt til 30 dagar i fengsel, med ei prøvetid på to år. Han må også betale ei bot på 8000 kroner og sakskostnader til 10.000 kroner. Mannen skal ved fire høve ha motteke mindre beløp (frå 1500 til 3000 kroner) frå personar som ønska å jobbe i Årim og RenoNorden.

  • Tiltalt for korrupsjon

    Ein mann i 30-åra, som har vore tilsett i renovasjonsselskapet Årim, er tiltalt for korrupsjon. Mannen skal ha tatt imot pengar frå fleire personar i bytte mot at dei fekk jobb i selskapet. Saka skal opp i Sunnmøre tingrett i mai og det er sett av to dagar til saka.

  • Årim-tilsett tiltala for korrupsjon

    Statsadvokatane i Møre og Romsdal har tatt ut tiltale mot ein person som har vore tilsett i renovasjonsselskapet Årim. Det melder Sunnmørsposten. Det var i november i fjor det vart kjent at den Årim-tilsette vart etterforska for korrupsjon. Grunnlaget for tiltalen er fire tilfelle der mannen skal ha motteke mindre beløp frå personar som ønskte å jobbe i Årim og RenoNorden. Ifølgje Sunnmørsposten gjekk sistnemnde selskap konkurs i 2017. Årim tok då over deira renovasjonsavtale. Strafferamma er fengsel inntil tre år.

  • Innvirkning i ansettelsesprosesser

    Møre og Romsdal politidistrikt bekrefter å ha mottatt en anmeldelse fra renovasjonsselskapet ÅRIM. Ledelsen i ÅRIM skal ha fått opplysninger om at en person har mottatt betaling for å innvirke på ansettelsesprosesser i selskapet. Etterforskningen viser at det dreier seg om et begrenset beløp som eventuelt skal ha blitt mottatt i forbindelse med de enkelte ansettelsesprosesser, skriver politiet i en pressemelding.

  • Etterforskar korrupsjon i Årim

    Ein tilsett i renovasjonsselskapet Årim i Ålesund er under etterforsking for korrupsjon. Vedkomande er suspendert frå stillinga si medan etterforskinga pågår. Etter det Sunnmørsposten kjenner til skal vedkomande ha tileigna seg pengar privat i eigenskap av si stilling i miljøselskapet.