Hopp til innhold

Etterforskar våpentjuveri

Politiet etterforskar eit innbrot frå ein butikk på Åram i Vanylven der mellom anna to hagler er stolne. Tjuvane fekk tak i nøkkelen til våpenskapet ved å gå gjennom skuffer og skap i butikken. – Vi ser veldig alvorleg på innbrot, men ekstra alvorleg blir det når det er våpen involvert, seier lensmannen i Vanylven Tor Sæther. Det var også våpentjuveri på Nordmøre i førre veke, men lensmannen seier han ikkje ser nokon samanheng mellom desse tjuveria.