Hopp til innhold

Etterforskar valdtektsforsøk i Kristiansund

Tekniske etterforskarar frå politiet har sperra av ein mogleg åstad for valdtekt i Øvre Enggate i Kristiansund.

Tekniske etterforskarar frå politiet har sperra av ein mogleg åstad for valdtekt i Øvre Enggate i Kristiansund.

I Øvre Enggate har tekniske etterforskarat dekt til delar av eit fortau. Politiet bekrefter at dette kan vere åstaden for valdtektsforsøket. Foto: Roar Halten.

Politiet i Kristiansund stadfester til NRK at dei etterforskar, det som så langt, ser ut til å vere eit valdtekstforsøk

– Ei kvinne er sendt til valdtektsmottaket på sjukehuset, seier avdelingssjef Alf Rune Rolland på politistasjonen i Kristiansund til avisa Tidens Krav.

Kvinna er førebels ikkje er formelt avhøyrt. Valdtektsforsøket skal ha skjedd utandørs, men ingen er så langt arresterte.

Voldtektsforsøk i Kristiansund 20.11
Foto: Roar Halten / NRK