Hopp til innhold

Vedgår ikkje straffskuld etter mogleg valdtekt på Aukra

Politiet etterforskar ei mogleg valdtekt på Aukra natt til laurdag. Politiet har gjort tekniske undersøkingar og vitneavhøyr i natt.

Molde politistasjon

Politiet etterforskar no ei mogleg valdtekt på Aukra laurdag kveld. I natt blei ei jente undersøkt og ein tenåringsgut pågripen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ei jente blei undersøkt ved valdtektsmottaket i Molde natt til søndag. Ein gut blei samtidig avhøyrt. Begge er i tenåra, og politiet har gjort tekniske undersøkingar og vitneavhøyr i natt.

– Han er sikta for valdtekt, stadfestar politiadvokat Inger Ferstad ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Ho seier dei to har vore i lag på ein fest i forkant av den påståtte valdtekten, og at det var vitne som kontakta politiet.

– Dei avhøyrer både fornærma og sikta søndag. Begge er under 18 år, seier operasjonsleiar Jan Helge Kjøl ved Møre og Romsdal politidistrikt søndag morgon.

Laster Twitter-innhold

Han seier dei er i startfasen på etterforskinga og at dei som skal leie politiarbeidet no er i gang med å setje seg inn i saka. Valdtektenskal ha skjedd på Aukra laurdag kveld.

– Dei er heilt i startfasen. Vi kan ikkje seie meir no, seier han.

Laster Twitter-innhold

Øyvind Panzer Iversen er advokat for guten. Han vil ikkje gå i detalj om kva den sikta har sagt til han av hensyn til etterforskinga, men guten meiner sjølv at han er uskuldig.

– Han vedgår ikkje straffskuld i saka, fortel Panzer Iversen til NRK.

Jenta har fått Reidar Mogstad som bistandsadvokat.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL