Etterforskar seksuelt snakk

Statsadvokaten ber politiet ta opp igjen etterforskinga mot to sjukepleiarar som er sikta for å ha involvert ein pasient i seksuelt snakk. Statsadvokat Inger Myklebust Ferstad ønskjer at politiet skal gjere ytterlegare etterforsking. Episoden skal ha skjedd på Nordmøre i fjor vinter, og sjukepleiarane miste jobben og autorisasjonen etter hendinga. Saka blei kjent fordi dei pårørande mistenkte at noko foregjekk, og installerte difor ein bandopptakar hos mannen.