Hopp til innhold

Etterforskar mistenkeleg dødsfall: Fann død mann i fjøra

Politiet etterforskar dødsfallet på Averøy som mistenkeleg. Ein mann i 50-åra vart funnen død i vasskanten torsdag kveld.

Dødsfall Averøy

Det var torsdag kveld at mannen vart funnen død i fjøra.

Foto: Joachim Borøchstein

Mannen som er heimehøyrande i Kristiansund vart funnen død av ein turgåar ved Røeggen nord på Averøya. No jobbar både kriminalteknikarar og taktiske etterforskarar med saka. Politiadvokat Merethe Falkevik seier at dei etterforskar saka som eit mistenkeleg dødsfall.

– Det har med omstenda og måten vedkomande vart funnen på. Vi har ikkje kartlagt kvifor han vart funnen slik, seier Falkevik.

No jobbar politiet med å gå gjennom området der mannen vart funnen. Dei avhøyrer også ei rekkje personar for å finne ut om nokon har sett eller høyrt noko.

– Vi etterforskar også saka med tanke på at dette kan ha vore ein naturleg død. Vi ser ikkje bort frå verken det eine eller det andre, seier politiadvokaten. Mannen var ikkje meldt sakna.

Han er sendt til St. Olavs Hospital for obduksjon.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL