Hopp til innhold

To kvinner hevdar fysioterapeut krenka dei seksuelt - mannen nektar

Ein fysioterapeut på Sunnmøre vert etterforska etter uromelding frå ein fastlege.

Politiadvokat Yngve Skovly

Politiadvokat Yngve Skovly seier at fysioterapeuten er avhøyrt og nektar skuld.

Foto: Terje Beniksby / NTB Scanpix

Fysioterapeuten er sikta for å ha krenka to kvinner seksuelt, skriv Sunnmørsposten. Det er to vaksne kvinner som meiner at dei har vore utsette for slik krenking. For den eine skal dette pågått over eit lengre tidsrom, ifylgje avisa.

Det var Fylkesmannen i Møre og Romsdal som tok imot ei melding frå ein bekymra fastlege. Han hadde fått informasjon frå kvinnene.

Nektar skuld

– Vi har avhøyrt mannen og han nektar straffskuld, seier politiadvokat Yngve Skovly til NRK.

Politiet har ransaka behandlingsstaden til fysioterapeuten. Dei har også avhøyrt kvinnene.

Skovly vil ikkje gå i detalj på kva kvinnene skuldar mannen for. Han seier at det ikkje gjeld dei grovaste bestemmingane i lova, men handlingane vil kunne ha ei strafferamme på eitt år. Mannen er lauslaten.

Melde helsepersonell

Assisterande fylkeslege i Møre og Romsdal, Cato Innerdal seier til Sunnmørsposten at det er svært sjeldan at dei melder helsepersonell til politiet. Denne gongen såg dei det som naudsynt.

– Vi vurderte dette som avgjerande for å få fakta på bordet, men også med tanke på å sikre eventuelle bevis, seier han til avisa.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL