NRK Meny

Etterforskar eldspåsetting

Politiet startar søndag etterforsking i samband med eit branntilløp ved Moa aldersboliger i Ålesund laurdag kveld. Det var ein heimesjukepleiar som både varsla om og sløkte brannen, som politiet meiner er forsøkt påtent. I går kveld og natt blei det søkt etter mulege gjerningspersonar. – No går det over til meir etterforsking, seier operasjonsleiar Erik Mikalsen. Han ber om tips viss nokon har sett eller observert noko ved aldersbustadane.