Malene Vik Djupvik seier ho ikkje trudde det var mogleg, då ho fekk sjå den daude katten på vegskuldra i Vestnes i Romsdal sist søndag. Katten hadde store skadar og var ikkje til å kjenne igjen.
– Eg synest det er heilt forferdeleg, eg kan ikkje setje meg inn i tankegangen til ein person som kan gjere noko slikt mot eit forsvarslaust dyr, seier Vik Djupvik.
I ettertid har katten blitt stelt, men då dei fann han var han så ille tilreidd at dei ikkje forsto kva dei såg.
Fryktar fleire kattar kan bli tatt av dage
Ho og venninna Celina Tomren driv dyrevernorganisasjonen Potespor, og fekk også i haust inn meldingar om ein annan katt i området som var alvorleg skamfaren. Det at skadane er såpass like, styrkar mistanken deira om at ein og same person kan stå bak.
– Det er skummelt, eg er redd både for min eigen katt og kattane til vennane mine, seier ho.
Dei som henta katten er overtydde om at katten ikkje er påkøyrt eller angripen av eit anna dyr, og veterinæren som undersøkte katten etterpå skal ha kome til det same. Til Vestnesavisa seier ho at han hadde skadar som berre eit menneske kan utføre med overlegg.
Politiet ber om at fleire melder seg
Politiet har starta etterforsking og no ventar på svar på prøvene som viser om det er DNA-spor på katten. Dei set saka i samanheng med to liknande tilfelle i oktober, og ber folk som kan ha funne kattar med spesielle skadar, om å ta kontakt.
– Vi ser ikkje bort frå at det kan vere fleire saker. Folk kan ha funne ein død katt, men ikkje meldt frå. Dersom nokon har gjort spesielle funn, ber vi om å få eit hint, seier politioverbetjent Vebjørn Bale.
Av etterforskingsomsyn vil han ikkje gå i detalj om skadane, men seier saka er urovekkande.
– Det er jo litt spesielt at folk har behov for å skade katten på ein slik måte, og forlate han.
Gravferd i helga
Malene Vik Djupvik og Celina Tomren har tatt vare på katten, i håp om at eigarane skal melde seg. Dei har lagt ut eit innlegg om han på sine eigne nettsider, der dei skriv at han er langhåra, grå og med kvite teikningar i ansiktet, brystet og potane.
Dersom dei ikkje klarer å finne ut kvar katten høyrer heime, vil dei sørge for at han blir gravlagt på beste måte.
– Når helga kjem, kjem vi til å gravleggje katten. Litt for å bearbeide det som har skjedd, og for å ha ein respektfull avskjed for katten når han fekk ein såpass grufull død, seier dei.