Hopp til innhold

Etsande væske lak ut i båt

Mannskapet blei evakuert etter at det lak ut etsande materiale inn i ein båt som låg til kai ved Fiskerstranda i Sula laurdag kveld. Politiet opplyser at ingen blei eksponerte for stoffet.

Fiskarstrand i Sula

Hendinga skjedde like etter klokka 21 og naudetatane var raskt på staden.

– Vi veit ikkje nøyaktig kor mykje som har lekt ut, men det er snakk om ein tank som kunne romme inntil 2000 liter, seier operasjonsleiar Tor Andre Gram Franck ved politiet sin operasjonssentral på Sunnmøre.

Klokka 22 jobba både brannvesen og politi framleis på staden.

Hendinga er under kontroll, men det gjenstår ein del arbeid før vi er ferdige, seier Gram Franck til NRK.