Hopp til innhold

Etisk refleksjon på arbeidsplassen

Førebuing vert stadig viktigare for å møte pasientane i eldreomsorga, og ved Rokilde sykehjem i Kristiansund er etisk refleksjon ein del av arbeidskvardagen.

Rune Pettersen og Inger Takle

ETISK REFLEKSJON: Helserekrutt Rune Pettersen og leiar ved ei demensavdeling ved Rokilde sykehjem, Inger Takle, er nøgde med å ha etisk refleksjon som ein del av arbeidstida.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

– Det vesentlege er at pasienten vert sett i sentrum, får individuell tilrettelegging, og at dei tilsette blir meir motivert og trivast, seier Inger Takle som er leiar ved ei demensavdeling ved Rokilde sykehjem i Kristiansund.

Kvar veke får dei tilsette ved Rokilde sykehjem snakke om klager, kritikk, mangel på tillit, eller vanskelege situasjonar.

– Då har kvart team si eiga refleksjonstid på rundt tre kvarter, og det er lagt inn i turnus, seier Takle.

Viktig med tid til samtale

Karen Elise Jørgenvåg

BRETTAR HANDKLEDE: Karen Elise Jørgenvåg likar å halde på med noko, og likar å bruke hendene sine. På sjukeheimen får ho av og til i oppgåve å brette handklede.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

– Eg meiner dei skal vera smilande og snakke med folk, seier Liv Bae som er pasient ved Rokilde sykehjem. Ho likar å bli sett, høyrt og møtt, og ho seier ho ikkje har mykje å klage over.

– Nokre dagar kan vera tunge, og nokre dagar kan vera gode. Gode blir dei dersom eg får god hjelp, og stort sett får eg det, seier Karen Elise Jørgenvåg som også er pasient ved Rokilde sykehjem.

Linda Nygård jobbar med sjukeheimsutvikling, og ho meiner det er viktig å bruke tid til å samtale.

– I staden for å gå direkte på kva me skal gjere, så må me sjå på situasjonen. Me må sjå på kven som er involvert, kven som er den svakaste part, kva verdiar som er involvert og om det er verdikonfliktar, seier ho.

– Dette er gode stikkord som gjer at me må tenkje litt djupare inn i situasjonen enn å berre finne ei løysing, legg Nygård til.

Auka trivsel

Det å ha mogelegheit til samtale om etikk og verdiar gir motivasjon, aukar meistringskjensla og får ned sjukefråværet.

– Viss me ikkje får snakka om det me opplever som vanskeleg, så er det veldig tyngande i eit arbeid. Det er kjempeviktig for tilsette å snakke om det som oppstår, seier Takle.

Helserekrutt Rune Pettersen er ein av dei som har fått prøve det å ha etisk refleksjon på arbeid, og han har ei positiv oppleving rundt det å samtale om situasjonar som har eller kan oppstå.

– Det var veldig fantastisk, eigentleg. Eg har bakgrunn frå bokhandelen, så å plutseleg hoppe inn i ein etisk refleksjon var veldig nytt og spanande.

–Det er noko eg kan ta med meg når eg går brukarane i møte, seier han.