NRK Meny
Normal

Etablerer nytt krisenettverk

Kommunane i Møre og Romsdal skal bli betre på krisehandtering. – Nøkkelordet er erfaringsutveksling, seier fylkesmann Lodve Solholm.

Lodve Solholm

Fylkesmann Lodve Solholm vil at kommunane i Møre og Romsdal vert betre på krisehandtering. Bildet er teke i etterkant av Fjelltun-ulukka i Ålesund i 2008. Solholm var då fungerande ordførar.

Foto: Ekornesvaag, Svein / SCANPIX

– Å bli betre på krisehandtering er veldig viktig, seier fylkesmann Lodve Solholm til NRK.

Støtteapparat

Fylkesmannen etablerer eit nytt krisenettverk som byggjer vidare på arbeidet kommunane har gjort i etterkant av 22. juli.

– Vi ønsker å framleis plukke opp ting som kan kome i samband med 22. juli, men også nye kriser som kan kome, forklarar Solholm.

Alle kommunar har kriseteam, og Solholm trur dei ulike kommunane kan lære mykje av kvarandre.

– Alle kriser som enkeltmenneske og større gruppe kjem oppi, er vanskelege å handtere. Då er det viktig at ein har erfaringsutvekslinga mellom dei som er råka, seier han.

Averøy er vertskommune

Alle dei 36 kommunane i fylket skal vere med i nettverket som har kickoff 27. september. Vertskommune er Averøy kommune der ein av innbyggjarane vart personleg råka av 22. juli-tragedien.

– Averøy skal ha ei 30 prosents stilling som skal fungere som eit sekretariat for nettverket. Vi er veldig glade for at kommunen tok på seg den rolla slik at vi kunne gå inn med midlar, seier fylkesmannen.

Forutan at kriseleiarar rundt om i kommunane kan ta kontakt med sekretariatet dersom dei står overfor ei problemstilling, vil det også bli arrangert erfaringskonferansar og idékonferansar.