Sunnmøre politidistrikt har sett ein person til å digitalisere alt etterforskingsmaterialet i Espås-saka, det melder Sunnmørsposten. Trude Espås vart drepen i Geiranger i 1996 og saka er så langt ikkje oppklart, men i 2014 kom det inn tips i saka i samband med at etterforskinga rundt dødsfallet til Monika Sviglinskaja vart starta opp att.
– Vi har ein person som har fått i oppdrag å legge inn materialet vårt i nye system. Det er kolossalt mykje materiale og arbeidet blir gjort i den grad nokon skulle komme til å sjå gjennom saka på nytt, seier politiadvokat Yngve Skovly til Sunnmørsposten.
- Les også: Politiet undersøker nye tips i Espås-saka
- Les også: Alt om Espås-saka