Ertsås klar for Hødd

Rune Ertsås har skrive under på ein toårskontrakt for fjorårets cupmeister frå Ulsteinvik.

Rune Ertsås scorer, og Molde rykker opp

Rune Ertsås har tidlegare spelt i mellom anna Molde. Her scorar han for klubben i 2007, noko som gjer at Molde rykka opp igjen til Eliteserien.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Han har tidlegare spelt i Molde, samt i Steinkjer, Sandefjord og i den danske klubben Vejle.

I fjor spelte han i 1. divisjon for Alta, der han scora seks mål på 20 kampar. 25-åringen er angrepsspelar, noko Hødd har på jakt etter i lang tid.

Han var med i ein internkamp for Hødd torsdag, der han scora to mål.

Det overbeviste Hødd i stor nok grad, og no er han altså klar for fjorårets cupmeister.

Rune Ertsås har scora for MFK i år

Ertsås har tidlegare slite med skader, men er tilbake igjen no etter ein lyskeoperasjon etter 2012-sesongen.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Einige om avtale

Angriparen frå Sparbu i Nord-Trøndelag har tidlegare vore svært skadeplaga. Etter fjorårssesongen blei han lyskeoperert.

Til Trønder-Avisa seier Ertsås at han derimot er heilt klar igjen.

– Eg var i Alta for å trene meg opp etter skaden, då eg fekk telefon frå Hødd onsdag kveld. Torsdag drog eg for å spele interkamp med Hødd.

– Operasjonen i lysken var vellukka, og eg har kome godt i gang.

No ser 25-åringen fram til ei ny tid i Hødd.

– Eg skal prøve meg fram i ein ny klubb. Eg har fått eit godt inntrykk av Hødd så langt, fortel angriparen til Trønder-Avisa.

Molde2- Hødd

Her er Ertsås i aksjon for Molde 2 i kamp mot Hødd. No er han klar for laget frå Ulsteinvik.

Foto: Arne Flatin / NRK