Stadfesta feil
- Vi har endeleg fått stadfesta at sjukehuset i Kristiansund har gjort feil, seier son til den avdøde sjukepleiaren, Leif Ande Fjerstad Pedersen. - No blir det ei ny runde i rettsvesenet, for nokon må stillast til ansvar for dette, seier Fjerstad Pedersen.
Kristiansund sjukehus.
Rettsvesenet har tidlegare konkludert med at sjukehuset ikkje handla aktlaust. Men no slår Norsk Pasientskadeerstaning fast at kvinna ikkje fekk korrekt behandling.
Døydde av infeksjon
Den 56 år gamle kvinna døydde i 2002 av ein infeksjon i eit sår. Avdelingsdirektør Jan Storvik i Norsk Pasientskadeerstatning seier kvinna ville hatt større sjanse til å overleve dersom ho hadde fått korrekt behandling.
For dårleg behandling
- Ja, det er lagt til grunn av pasientskadeerstatninga at sjansen for å overleve hadde vore større om pasienten hadde fått korrekt behandling, seier Storvik. - Pasienten fekk ikkje fullt adekvat undersøking og diagnostiering av smertene, seier han. - Deretter fekk ho heller ikkje god nok oppfølging og behandling av infeksjonen ho hadde, seier Storvik, som legg til at det er stilt spørsmål også ved den medisinske behandlinga av kvinna.
Ikkje aktlaust
Fylkeslegen har konkludert med at ingen har handla aktlaust i samband med dødsfallet, og statsadvokaten meiner det ikkje er bevis for at nokon har handla grovt aktlaust.
Leiinga i Helse Nordmøre og Romsdal tar vedtaket til etterretning, men vil ikkje kommentere saka utover det.