Hopp til innhold

Erstatning etter anbodsrot

Fjord1 MRF får seks millionar kroner i erstatning etter å ha tapt anbodskonkurransen for pakka "Ytre Sunnmøre", som gjaldt riks- og fylkesvegferjer.

Fjord1-logo
Foto: Illustrasjon: Fjord1

Selskapet gjekk til sak mot staten og Møre og Romsdal fylke for feilaktig sakshandsaming. No har dei inngått forlik.

Fjord1 MRF-direktør Anker Grøvdal
Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

- Vi gjekk til søksmål mot staten og fylkeskommunen fordi vi meinte det var gjort feil med anbodskonkurransen i det vi kalla anbodspakken "Ytre Sunnmøre", seier administrerande direktør i Fjord1 MRF, Anker Grøvdal.

Dekkjer ikkje tapet

- Vi har kome fram til forlik med dei, og fått erstatning på seks millionar, legg han til.

- Det betyr at motparten erkjenner at det er gjort feil i anbodsprosessen, og vi har fått gjennomslag for synspunkta våre. Dermed kan vi no legge saka bak oss, seier han.

Men sjølv med forliket meiner Grøvdal at selskapet ikkje får dekt tapet sitt.

- Det dekker ikkje det tapet vi har fordi vi ikkje fekk kontrakta, seier han.

Prinsippsak

- Men vårt primære standpunkt var at det skulle vore gjennomført ein ny anbodskonkurranse, og vi søkte om erstatning fram til den var avholdt. Det er det vi har fått gjennomslag for no, meiner direktøren.

- Dette var ei prinsippsak for oss, legg han til.

- Anbod er ei ny form for innkjøp både for staten og fylkeskommunen og for oss som operatørar. Dermed må vi ta høgde for at vi kan gjere feil, seier Grøvdal.

- No vil vi forhåpentlegvis lære av dei feila som er gjort, legg han til.