Hopp til innhold

Er redd dyrare mat får folk til å velje usunt

Mat vert dyrare og nordmenn jaktar på måtar å spare pengar på i butikken. Ernæringsterapeuten trur det kan gjere folk meir usunne.

Ingeborg Tusvik Nupen tek ut ein pakke egg frå eit kjøleskåp i ein butikk. Ho har på seg ein hettegensar. Biletet er teken frå inne i kjøleskåpet.

Ingeborg Tusvik Nupen er redd folk skal velje bort dei sunne måltida når dei får trang økonomi.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Ingeborg Tusvik Nupen er redd folk skal velje bort dei sunne måltida når dei får trang økonomi.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Det er eit stort utval i brødhylla i daglegvarebutikken i Ålesund, men ernæringsterapeut Ingeborg Tusvik Nupen går forbi dei lyse baguettane på sal og rett til eit brød med 100 prosent fullkorn. Prisen er 50 kroner.

– Viss ein tenker langsiktig kan billeg mat vere dårleg mat, seier Nupen.

Ho fryktar at folk vel bort dei sunne alternativa fordi matvareprisane har blitt så høge. Det betyr mat med mindre næringsinnhald, men med meir salt, sukker og billege planteoljar.

Eit skåp i ein butikk som er fullt av smultringar, fargerike makronar og sjokolademuffins. På eit skilt i skåpet står det at dei er på tilbod.

Skåp med mat som dette på tilbod seier ernæringsterapeuten ein bør gå forbi – sjølv når det kan freiste med billeg mat.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Skulebollar med melis og kokos ligg i ein stabel på eit brett. Framfor heng eit skilt der det står "Tilbod 10 kroner".

Det manglar ikkje på tilbod på bakverk –

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Krossantar med sjokolade ligg i ein stabel på eit brett. Framfor heng eit skilt der det står "Tilbod 3 for 2".

om enn det er franske croissantar,

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Kveitebollar med sjokolade ligg i posar i ei korg. På ein klistrelapp står det at bollane er på tilbod.

eller klassikaren kveitebollar med sjokolade.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Har ikkje sett noko liknande

Prisane på mat har i det siste gjort sitt største hopp sidan 80-talet. Å handle inn til middag var 12 prosent dyrare i haust enn til same tid i fjor.

Om kvitteringa etter din faste helgehandel ein fredag i fjor viste at du brukte 500 kroner, vil du i dag måtte betale 60 kroner meir for den same handlekorga.

Samtidig er straumen og drivstoffet dyrt og rentene aukar.

Ein ny rapport frå Forbruksforskingsinstituttet (Sifo) viser at nordmenn har endra kjøpevanane sine, skriv VG.

Folk jaktar på tilbod, og billigmerker som First Price har fått ein oppsving. Endringa har også skjedd langt raskare enn før.

– Handlevanane er veldig stabile, så når det vert endra kjapt, er det noko nytt. Om det skuldast matprisar eller at andre ting er dyrare, veit ein ikkje noko om. Eg har ikkje sett noko liknande, seier forskar Alexander Schjøll ved Sifo til avisa.

Les også: Største prishopp på mat siden starten av 80-tallet

Butikkhylle med chips
Butikkhylle med chips

Christina Leite Blindheim puttar ei flaske brus i handlekorga si. Ho har svart hår, tatoveringar og ei grå t-skjorte. I handa held ho ein mobiltelefon. Hylla framfor ho har mange forskjellige sortar brus. Bak ho, ute av fokus, ser vi andre som handlar i butikken.

Christina Leite Blindheim seier ho ofte ser etter den mest rimelege maten, men tenkjer også over kva ho kjøper. I korga denne fredagen har ho både muffins og gulerøtter.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Inger Helen Storheim legg mat i handlevogna si. Ho har ein kvit gensar på seg og kvitt, kort hår og briller. Ho står ved ein frysedisk.

Inger Helen Storheim seier ho forsøkjer å handle sunn mat, sjølv når prisane stig.

Foto: Josef Benoni NEss Tveit / NRK

I butikken går Christina Leite Blindheim og handlar inn til helgekosen og bursdagsfeiring. Ho går ofte for det som er rimelegast.

– Ja, med det mest naudsynte går eg for det billegaste, eigentleg, seier Blindheim. Og har ho lyst på noko godt unner ho seg det.

Inger Helen Storheim er prisbevisst, og i dag var det blomkål på tilbod som lokka.

– Det er ikkje alltid billeg er bra. Sjokolade er ofte på tilbod, og det er jo ikkje noko bra, seier Storheim. Ho handlar stort sett sunn mat, men forstår godt at folk kan la seg friste av usunne alternativ på tilbod.

Ingeborg Tusvik Nupen står ved sidan av ein haug med lyse baguettar i plastposar. Brøda er heilt kvite og laga med fint mjøl. Nupen held opp ein pakke og pratar til nokon til venstre for kamera. Ho ser tydeleg misnøgd ut.

Nupen meiner det lyse, billige brødet inneheld færre viktige næringsstoff som kroppen treng.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Ingeborg Tusvik Nupen står ved ei brødhylle i ein butikk. Ho held eit grovbrød i handa og les på innhaldet og næringsverdien. I handa held ho ei handlekorg.

Foran ei brødhylle ser ho sjølv meir på innhaldet i brødet enn prisen.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Ingeborg Tusvik Nupen held eitt lyst, billig brød og eitt grovt, dyrt eitt i hendene.

Nupen meiner det lyse brødet ikkje vil halde ein mett like lenge som det grove, og er usikker på om det i lengda faktisk er billegare å kjøpe det.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Ingeborg Tusvik Nupen ser på ein haug med lyse, halvsteikte brød som ligg i ei korg på ein butikk. BBak ho ser vi kvite julekarer på salg.

Sjølv ser ho ikkje to gongar på stabelen med lyse baguettar som er til sal.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Ser effekten om fem til ti år

Ernæringsterapeuten er redd vala folk tar for å spare pengar går utover folkehelsa. Matvala ein tar i dag får ikkje berre konsekvensar på kort sikt, men mange år fram i tid.

– For dei som kjenner på overvekt, fedme eller diabetes type 2 eller har hjarteutfordringar er gjerne det ein status på grunn av livsstilen ein hadde for fem til ti år sidan, seier Nupen.

Ho meiner folk må vakne opp og rydde opp i eigne matvanar.

I hylla på butikken er energibarar på sal. Nupen veit at dette er ein favoritt hos mange ungdommar, men ho meiner det er eit dårleg alternativ. Det mettar ikkje over tid og inneheld mykje sukker, seier ho.

– Eg vil framsnakke egg. I staden for ein energibar kan du ete to kokte egg og eit raudt eple. Det handlar om å endre vanar, seier Nupen.