Statsministeren blir gudmor til «spionskip»

Statsminister Erna Solberg kjem til Tomrefjord i Vestnes laurdag for å døype det nye fartøyet til Etterretningstjenesten.

Etterretningstjenestens nye fartøy Marjata

Dette er Forsvaret sitt nye «spionskip» som no har stått til ferdigstilling i Tomrefjord i Romsdal.

Foto: Forsvaret

Det som skal bli Norges nye og svært avanserte etterretningsskip blir ferdigstilt i Tomrefjord i Vestnes. Skipet skal brukast til å overvake nordområda, men alt rundt byggeprosjektet er strengt hemmeleg.

Laurdag slepp folket til når statsministeren skal vere med på dåpen. Også forsvarsminister Ine Eriksen Søreide blir til stades når «Marjata» blir døypt ved Vard Langsten, ifølgje Forsvarsdepartementet.

Skipet skal frå 2016 i oppdrag i nordområda.

Skipet er 125 meter langt og 23 meter bredt og fullstappa med elektronisk spesialutstyr. Kostnadsramma blei oppjustert med 133 millionar kroner til nær 1,4 milliardar kroner etter at kontraktforhandlingane blei avslutta.

Det som skal bli Norges nye og svært avanserte etterretningsskip skal ferdigstillast i Tomrefjord i Vestnes. Skipet skal brukast til å overvake nordområda, men alt rundt byggeprosjektet er strengt hemmeleg.

Sjå TV-sak frå mars i år.

I ettermiddag kom skroget til det som skal bli norges nye og svært avanserte etterretningsskip inn Tomrefjorden i Møre og Romsdal.

Her blir fartøyet slept gjennom det tyrkiske Bosporos-sundet, på veg ut i Marmarahavet med kurs mot Noreg tidlegare i år.