Hopp til innhold

Erna Solberg sette seg i førarsetet

Statsminister Erna Solberg var ikkje tungbedd då ho blei beden om å ta plass i førarsetet om bord i den nye trålaren «Hopen» tysdag. Regjeringa er midt i arbeidet med ein ny maritim politikk.

Erna Solberg

No satsar Erna Solberg og resten av regjeringa på det maritime. Her tek ho styringa om bord på trålaren «Hopen».

Foto: Terje Reite / NRK

At dagen starta med eting av den lokale matretten «svele» på ferjestrekninga Sulesund-Hareid er slett ikkje tilfeldig. Regjeringa har nett vedteke at den nye ferjefrie stamvegen langs vestlandskysten skal gå som bru nett på denne strekninga. Og utbygging av vegnettet er noko av det viktigaste dei maritime næringane på Sunnmøre bed om.

Nokre av utfordringane frå besøket på Sunnmøre skal vi politikarane ta. Og nokre må næringslivet ta sjølve. Vi skal ta ansvaret for å styrke utdanninga, for betre kommunikasjonar og for at næringslivet skal få gode rammevilkår, sa statsminister Erna Solberg.

Erna Solberg

Erna Solberg fekk ete svele på ferja mellom Sulesund og Hareid. Her er ho saman med ordførar i Sula, Geir Ove Vegsund og ordførar i Hareid, Anders Riise.

Foto: Terje Reite / NRK

Statsminister Erna Solberg besøkjer dei maritime næringane på Sunnmøre saman med næringsminister Monica Mæland. Næringsministeren har ansvaret for arbeidet med å meisle ut det regjeringa kallar ein ny maritim strategi.

– Her på Sunnmøre har vi ei fantastisk maritim klynge heilt i verdstoppen. Og heilskapen er veldig viktig. Den nye maritime strategien skal leggast fram våren 2015, seier Monica Mæland til NRK.

Monica Mæland

Næringsminister Monica Mæland på ferja mellom Sulesund og Hareid, saman med statsminister Erna Solberg.

Foto: Terje Reite / NRK

Den maritime strategien tek utgangspunkt i den internasjonale konkurransen den maritimæ næringa driv i. Strategien skal ha eit miljøperspektiv, og næringsminister Monica Mæland seier at den maritime utdanninga kjem til å stå sentralt i den nye strategien. Forsking, utvikling, teknologi og innovasjon kjem også til å vere sentrale punkt. I tillegg blir det viktig for regjeringa å ta ein gjennomgang av skipsregistera for å sikre like vilkår internasjonalt.

Besøka i bedriftene her har vore svært lærerike, og det har også vore ei fantastisk oppleving på ein fantastisk dag, seier Monica Mæland.

Monica Mæland

Monica Mæland og Erna Solberg prøver laserrobot på Kleven verft.

Foto: Terje Reite / NRK

Etter markeringa av Hafast-vedtaket reiste følgjet til Kleven verft i Ulstein. Her fekk Erna Solberg prøve seg på moderne robot-produksjon av skip. Høgteknologisk produksjon, gode rammevilkår, god utdanning og gode samferdsleårer, er noko av det viktigaste den maritime klynga etterspør, sa bedriftsleiar Kjersti Kleven.

Bygginga av Hafast heng saman med kompetanse. Vi treng å knytte Søre Sunnmøre til Høgskule- og teknologimiljøa i Ålesund. Dette er å investere i industriproduksjon, og vi må ha høg produktivitet om vi skal ha råd til å behalde den høge norske velferda i Noreg i framtida, sa ho.

Erna Solberg verft

Statsminister Erna Solberg på Kleven verft.

Foto: Terje Reite / NRK

Også industrileiar Gunvor Ulstein la stor vekt på kor viktig riktig og god utdanning er for at industrien skal halde fram framgangen.

Vi etterspør ikkje eit nytt universitet i Møre og Romsdal. Men vi vil ha ei spissa høgskuleutdanning, sa ho.

På Kleven verft fekk statsministeren og næringsministeren også møte elevar som tek store deler av utdanninga si på verftet.

Erna Solberg

Erna Solberg under innseglinga til Ålesund.

Foto: Terje Reite / NRK

Under besøket streka ei rekkje industrileiarar og lokale politikarar under den unike samanhengen mellom dei ulike bedriftene i den maritime klynga.

Bedriftene utfyller kvarandre. Der er ein nær samanheng mellom dei som står og arbeider på fiskebåtane og dei som driv høgteknologisk utvikling. Rolls-Royce kan for eksempel spørje ein loka reiar om han vil prøve ein bestemt propell på ein av båtane sine, slik at nyvinningar kan bli prøvt ut i praksis. Slikt kan gå an i ei klynge der mange ulike aktørar er på fornamn med kvarandre, sa ordførar i Herøy, Arnul Goksøyr.