Hopp til innhold

Erna Solberg i Kristiansund

  • – Statsministeren tek feil

    Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard, meiner det blir for enkelt når statsminister Erna Solberg avviser at fleire statlege arbeidsplassar er løysinga for kommunen.
    Statsministeren sa i går at ho ikkje ønsker å flytte fleire statlege stillingar til byen, men heller hjelpe det private næringslivet. Neergaard meiner det er feil. – Statlege arbeidsplassar bidreg også til vekst i privat sektor og vi er underernært på slike stillingar. Det er viktig å få dei statlege stillingane ut i distrikta, seier han.

  • Distriktsmedisinsk støtte

    Statsminister Erna Solberg sitt besøk i Kristiansund tysdag har gitt styrka tru på planane om eit omfattande distriktsmedisinsk senter i nordmørsbyen. Det seier Kjell Neergaard, ordførar i Kristiansund. – Vi fekk tilbakemelding frå statsministeren om at vi tenker rett i forhold til framtidas helsetenester. Helseføretaket har også ein anstrengt økonomi, og vi er heilt avhengig av statleg støtte for å sikre prosjektet.

    Kjell Neergaard
    Foto: Roar Strøm / NRK
  • – Dette blir syretesten, Erna!

    Tidligere stortingsrepresentant Pål Farstad (V) mener bygginga av det planlagte opera- og kulturhuset i Kristiansund blir en syretest på regjeringsamarbeidet. Farstad sa dette under et møte med statsminister Erna Solberg i Kristansund i kveld. Han mener opera- og kulturhuset må inn på statsbudsjettet for 2019. Solberg svarte at hun ikke kan love penger fordi forhandlingene om neste års budsjett ikke har kommet i gang.

    Pål Farstad
    Foto: Trond Vestre / NRK
  • Besøkte sjukehuset i Kristiansund

    Statsminister Erna Solberg avsluttar i kveld sitt besøk i Kristiansund ved å delta på eit medlemsmøte i regi av Kristiansund Høyre. Tidlegare i dag besøkte statsministeren sjukehuset i Kristiansund. Der fekk ho ei orientering om prosjektet for det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal, inkludert det nye distriktsmedisinske senteret som skal etablerast i Kristiansund.

    Erna Solberg besøkte sjukehuset i Kristiansund
    Foto: Roar Strøm / NRK
  • – Må legge grunnlag for det private

    Kristiansund må skape vekst gjennom fleire private arbeidsplassar, og ikkje rope på staten. Det var den klare beskjeden frå statsminister Erna Solberg då ho besøkte Kristiansund i dag. Mange i byen synest det er ei skeivfordeling av statlege arbeidsplassar. Solberg seier det er mange kommunar som nesten ikkje har statlege arbeidsplassar og at det aldri vil bli 100 prosent rettferdig. – Det som er viktig er å bygge eit enno betre grunnlag slik at private kan etablere seg. Kristiansund har både kunnskapen og kompetansen som gjer det mogleg, og det skal vi jobbe med, seier statsministeren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL