Erna Solberg fekk kjolehjelp på Facebook

Kjolen skal hjelpe finansieringa av ny kyrkje i Ulstein. Statsministeren måtte be om hjelp til å frakte kjolen til Sunnmøre.

Statsminister Erna Solberg under den muntlige spørretimen i Stortinget onsdag.

KJOLEHJELP: Erna Solberg bad torsdag om hjelp til å frakte ein kjole til soknepresten i Ulsteinvik. Bildet fekk raskt stor respons.

Foto: Montasje: skjermdump, Facebook / NTB scanpix

Torsdag formiddag bad Solberg om hjelp på Facebook. Statsministeren har engasjert seg i «kjolerulling» i Ulsteinvik. Eit tiltak for å samle inn pengar til bygging av Ulstein nye kyrkje.

Reaksjonane lét ikkje vente på seg:

«Du er rett og slett fantastisk, Erna! For ein statsminister vi har.»

«Min mor drar frå Oslo til Ulsteinvik i dag! Flyet går i kveld»

FB-hjelp! Jeg skal gi denne kjolen til kjolerullingen for Ulstein nye kyrkje på lørdag, men trenger hjelp til å få den...

Publisert av Erna Solberg Torsdag 8. juni 2017

Ba statsministeren om hjelp til «kjolerulling»

– Vi skal samle inn pengar på ein litt spesiell måte, ved å selje og auksjonere bort brukte kjolar, forklarer Torild Bugge.

Torild Bugge

KREATIVT: Torild Bugge er klar for å auksjonere vekk kjolar denne helga. Lokalsamfunnet har mobilisert, og går nye vegar for å finansiere ny kyrkje.

Foto: Arne Flatin / NRK

«Kjolerulling» er eit av dei kreative tiltaka for å samle inn pengar til ny kyrkje.

Soknepresten i Ulstein, Margit Lovise Holte, sende mail til Statsministerens kontor med oppmoding om å donere ein kjole. Arrangørane hadde allereie fått inn fleire hundre kjolar, men ønskte seg spesielt ein frå klesskapet til Erna Solberg.

No får dei ønsket sitt oppfylt.

– Då eg såg det på Facebook blei eg overraska og veldig glad, seier Holte.

– Det er utruleg flott å få eit bidrag frå statsministeren. Erna er ei flott og raus dame, og ho er i godt selskap med dei mange flotte damene i Ulstein som også har donert, legg ho til.

Margit Lovise Holte

FORNØGD: Margit Lovise Holte er sokneprest i Ulstein. Ho er veldig glad for bidraget til statsministeren, men poengterer at det også er mange andre som skal ha skryt for sine bidrag til auksjonen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ingen strategi for å vere folkeleg

– Heldigvis er det mange gode hjelparar der ute, og det løyste seg raskt. Kjolen blir henta i ettermiddag, og vil vere på plass i Ulsteinvik allereie i kveld, seier statsminister Erna Solberg til NRK.

Solbergs statssekretær og pressesjef Sigbjørn Aanes forklarer situasjonen:

– Statsministeren har vore på reise i mange dagar og kom seint heim i går kveld. Da fant ho fram kjolen, men da var det knapt med tid for å få den av garde. Da er Facebook god å kunne ty til.

Sigbjørn Aanes, Høyre

RASK LØYSING: Sigbjørn Aanes seier at kjolen skal vere framme i Ulsteinvik allereie i kveld.

Foto: Kari Skeie / NRK

Aanes avviser at Facebook-posten er et ledd i nokon plan eller strategi for å stå fram som folkeleg i sosiale medium.

– Statsministeren kjenner Ulsteinvik godt, det er et driftig lokalmiljø der, og ho syntest det var gøy å kunne bidra til den lokale dugnaden for den flotte nye kyrkja, seier han til NRK.