Erna opnar «Kronen på verket»

Romsdalsmuseet får storfint besøk når nybygget «Kronen på verket» blir opna i dag. Statsminister Erna Solberg har tatt på seg oppgåva. I tillegg skal ho ha eit omfattande program i Molde i løpet av dagen.

"Kronen på verket" utkast til Romsdalsmuseets nybygg

Dette er eit utkast til «Kronen på verket», men i dag blir sjølve bygget opna.

Foto: Reiulf Ramstad Arkitekter

Faktisk er opninga det siste som skal skje. Men allereie før nybygget på Romsdalsmuseet var heilt ferdig, var det klart at statsministeren skulle stå for opninga.

Romsdalsmuseet har montert utstillingar og gjort det klart for opninga, med eit nytt årsprogram og eit nybygg som skal vere ein attraksjon i seg sjølv.

– Sjølv om vi for tida er mest opptatt av framtida, er det viktig å ta vare på historia, seier statsministeren før besøket. Men det skal bli kjekt å sjå eit nytt bygg, for det er ofte kulturministeren som får slike oppdrag.

Møte med næringslivet

Odd Tore Finnøy

Brunvoll AS, her ved administrerande direktør Odd Tore Finnøy, skal møte statsministeren i dag.

Foto: Jørgen Eide/Brunvoll

Men før Solberg kjem til Romsdalsmuseet er det mangt som står på programmet.

Ho skal ha eit fellesmøte med næringslivet i fylket, der ho nok får høyre om ringverknadene av arbeidsløysa i olje- og gassnæringa.

I løpet av for- og ettermiddagen skal ho også besøke Brunvoll AS, National Oilwell Varco og Molde kunnskapspark.

Brunvoll har bak seg ei historie både som Årets bedrift og ei bedrift som har tatt sjansen på å tenke nytt. National Oilwell Varco er døme på ei bedrift som har måtta skjere ned den siste tida.

Vil lytte

National Oilwell Varco Molde

Mange har mist arbeidet ved National Oilwell Varco siste månadene.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Vestlandsfylka er hardt ramma av nedgangstidene, så eg ventar å få høyre korleis dette slår ut i Møre og Romsdal, seier Solberg før Molde-besøket.

Men ho reknar også med å få innspel og råd om kva som kan bli gjort for å skape eit breiare og nyare næringsgrunnlag som kan gi sikre og lønsame arbeidsplassar i framtida.

– Regjeringa gjer allereie mykje for å heve kompetanse og kvalitet, men no ønskjer eg å lytte til dei som er nærast problema. Det er gjerne dei som ser best kva som trengst.

Solberg har som mål at landet kan gå gjennom nedgangstidene utan at velferda blir svekt.

Skape arbeidsplassar

Erna Solberg

Statsministeren opnar nybygg på Romsdalsmuseet og skal møte næringslivet i fylket.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Men då må vi vere nytenkande og nyskapande, vi må ha rammevilkår som gjer at det blir investert i nye arbeidsplassar, og ny teknologi må bli i landet.

Difor peikar ho på den kreativiten som er i Møre og Romsdal, og ønsket om å vere gründer og skape si eiga bedrift, er så sterk.

– Vi treng mange som tenkjer slik, og som skapar arbeidsplassar for fleire. Når vi greier å multiplisere desse småbedriftene til å gi fleire arbeidsplassar blir vi også meir robuste for framtida.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.