Hopp til innhold

Erna lover nytt sjukehus

Høgre vil vere garantist for at Molde får nytt sjukehus.

Erna Solberg

Høgreleiar Erna Solberg garanterer nytt sjukehus i Molde om Høgre kjem til makta etter valet.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Høgreleiar Erna Solberg forsikrar at lokalsjukehusa skal bestå om dei kjem til makta etter valet.

Fredag var Solberg i Molde og seier Høgre vil sørge for at det blir bygd nytt sjukehus i Molde.

- Det trengs eit nytt sjukehus og dette er ein fantastisk sjanse til at dette blir eit pionersjukehus for ein ny måte å tenke helse på, meiner ho.

Solberg vil styrke kompetansa til lokalsjukehusa ved at nye funksjonar relatert til dei store framtidssjukdommane skal knyttast til institusjonane.

- Vi har ikkje planer om å gjere endringar i strukturen og vil bygge nytt sjukehus i Molde, seier høgreleiaren.

Ei innbyggarundersøking bestillt av Molde kommune viser at løfte om sjukehusbygging er noko som kan falle i god jord når moldensarane skal stemme til hausten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL