Hopp til innhold

– Fem år med pleiepengar er nok for dei fleste

Statsminister Erna Solberg meiner den nye pleiepengeordninga legg godt til rette for familiar med sjuke born. Reaksjonar ho har fått frå foreldre viser derimot noko heilt anna.

Erna Solberg i Stavanger

Statsminister Erna Solberg er ikkje einig i kritikken ho får når det gjeld den nye pleiepengeordninga. Ho understrekar at fleire familiar no kan få hjelp ved å nytte seg av pleiepengar.

Foto: Pål Berg Mortensen

Den nye pleiepengeordninga som blir innført 1. oktober opnar for at fleire sjuke born får pleiepengar, men no vil pleiepengeordninga ha ei tidsavgrensing på inntil 5 år per barn, ved 100 % uttak.

Blant anna tidsavgrensinga har fått fleire foreldre til svært sjuke born til å reagere.

bloggen sin svarer Erna Solberg på kritikken og peikar på at ordninga med pleiepengar no vil hjelpe mange fleire familiar.

– No er det nok at barnet er sjukt og med behov for kontinuerleg tilsyn og pleie. Før måtte det livstrugande eller svært alvorleg sjukdom til for å få pleiepengar.

– Meir fleksibel ordning

Statsministeren skriv at den nye ordninga vil gjere det lettare for foreldre å kombinere pleieoppgåver og delvis arbeid. Dessutan meiner ho at for dei aller fleste vil fem år med samanhengande uttak av pleiepengar vere nok.

– Eg meiner at endringane vi har gjort med ordninga som trer i kraft legg godt til rette for familiar med sjuke born.

Karina Eidem i Ålesund er ein av dei som har skrive kritikk til Erna Solberg på Facebook. Ho er mamma til Daniel som blei totalt pleietrengande etter at han blei kvelt av eit hoppestrikk i barnehagen og seier at dei ikkje hadde klart seg økonomisk med den nye pleiepengeordninga.

– Det er katastrofalt for dei familiane som kjem ut for ulykker og sjukdommar som krev at ein er innlagt på sjukehus over lang tid, og at begge foreldra er til stades, har Eidem sagt til NRK.

Daniel og Karina Eidem

Karina Eidem frå Ålesund ber statsministeren sørge for at sonen Daniel får den hjelpa han treng. Guten blei kvelt av eit hoppestrikk i barnehagen då han var tre år gamal.

Foto: privat

– Fleire vil få glede av ordninga

I 2015 fekk 8500 foreldre vere hos barnet sitt på grunn av pleiepengeordninga, men Solberg skriv at med endringane vil dobbelt så mange i året kunne nytte seg av pleiepengeordninga.

– Kanskje dobbelt så mange familiar vil frå 1. oktober få rett til pleiepengar – familiar som i dag ikkje får pleiepengar, eller som går inn og ut av ordninga som følgje av dei strenge reglane.

Karina Eidem skjønar at fleire no får glede av ordninga, men ho meiner at det råkar dei sjukaste hardt. Etter 260 dagar blir kompensasjonen redusert til 66 prosent av inntekta.

– Eg håper dei forstår at ordninga ikkje kjem til å fungere slik dei håper. Når barna er innlagt lenge på sjukehus, kjem foreldra til å slite økonomisk, sa Eidem til NRK tysdag.

Ville ha unntak

Endringane i pleiepengeordningane blei vedtekne etter ein debatt i Stortinget i midten av april, men ikkje utan usemje.

Fredric Holen Bjørdal (Ap), som sat i arbeids- og sosialkomiteen då, viser til at komitémedlemmane frå Ap og SV foreslo eit unntak frå regelen.

– Vi foreslo at det skulle innførast ein unntaksregel når barnet har livstrugande sjukdom eller skade og har behov for kontinuerleg tilsyn eller pleie.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL