NRK Meny
Normal

Erling Moe blant trenarkandidatane for MFK

Erling Moe er ein av dei som kan bli hovudtrenar for Molde frå neste sesong.

 Molde-trener Erling Moe

Erling Moe er midlertidig trenar for MFK og har tidlegare sagt at han ikkje er interessert i å ta over jobben som fast hovudtrenar.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Erling Moe har hatt stor suksess som Molde-trenar etter at han tok over trenarrolla for Tor Ole Skullerud for vel to månader sidan. Moe har tidlegare sagt til NRK at han ikkje vil ta over trenarjobben permanent, men no seier MFK-direktøren til Romsdals Budstikke at Moe er ein av kandidatane som hovudtrenar frå neste sesong.

– Erling har vist svært gode resultat og leia laget i mange sterke prestasjonar. Han er ein av fleire moglege løysingar, seier styreleiar i MFK, Øystein Neerland, til avisa.

Molde sendte sjokkbølgjer gjennom Europa då dei knuste Fenerbache 3-1 i Istanbul i september. To veker etter overraska dei igjen, då dei spelte 1-1 mot Ajax .

Har ikkje blitt spurt

Neerland ønskjer ikkje å avsløre kva andre namn som står på lista, men seier at han opplever at Molde er ein attraktiv klubb. I tillegg til norske kandidatar, har klubben også fått forespørslar frå utanlandske trenarar, i tillegg til dei dei sjølve har vore i kontakt med.

Erling Moe sjølv seier til Romsdals Budstikke at han ikkje vil meine noko om prosessen og at han forheld seg til at han leier laget inntil vidare.

– Eg veit at klubben jobbar med ei langsiktig løysing, men eg veit ikkje meir enn det. Eg har ikkje blitt spurt om eg vil vere ein kandidat.