Hopp til innhold

Erlend (24) bygger kjendisbilar

Erlend Kragset (24) frå Hakallestranda i Vanylven har tidlegare laga ein kopi av Pelle Politibil. I februar i år starta han på eit nytt prosjekt, som han no endeleg har fått avslutta.

Han likar å halde på heime i garasjen. Tidlegare har han bygd ein kopi av Pelle Politibil, og i februar i år sette han i gang eit nytt prosjekt som han no er i ferd med å avslutte.

Bilbyggar Erlend Kragset frå Hakallestranda.

–Tanken var først å vere ferdig til 17.mai, slik at den nye bilen kunne køyre fremst i paraden, men slik gjekk det ikkje. Planane vart justerte til at bilen skulle vere ferdig i slutten av august, men det gjekk heller ikkje. Først no i desember er prosjektet heime i garasjen ferdigstilt. Og alle kan sjå kva det er han har funne på denne gongen.

Erlend Kragset

Erlend Kragset, ung mann med ein stor porsjon fantasi og kreativitet.

Foto: Arne Flatin / NRK

Pappa, Oddvin Kragset, driv butikken på Hakallestranda. Han er for mange mest kjend frå ein fotballkarriere med over 1000 seniorkampar, mellom anna for Hødd i 1.divisjon. Han er forundra over alt sonen finn på.

–Berre det å kome på det, seier Oddvin når han studerer den første prøveturen i den nye bilen.

Erlend Kragset er også fotballspelar, men først og fremst er han mekanikar og bilbyggar. Innimellom alle andre oppgåver har han i rundt 10 månader heldt på i garasjen saman med to yngre kameratar. Dei har laga ein kopi av bilen som er "verdskjend" i Noreg, frå Flåklypa-filmen.

Gammal amerikanar

Jobben starta etter at Erlend punga ut 5000 kroner for ein gammal "amerikanar". Bilen vart "slakta" og tok gradvis form til det den skulle verte. NRK Møre og Romsdal har fulgt heile prosessen og vore på besøk fleire gonger sidan februar.

Etter kvart kunne dei gyldne platene monterast på i tillegg til store lastebildekk. Då bilen trilla ut av garasjen første gong var det ikkje vanskeleg å sjå kva dette var slags bil. Radaren som er kjend frå Flåklypa er erstatta med ei gammal parabolantenne som snurrar rundt på finurleg vis. Alle instrumenta på dahsbordet har han kjøpt på Biltema sitt utval av interiør til båtar.

Berre fantastien har sett ein stopp for korleis dei ulike delane av bilane har vorte utvikla av Kragset.

Erlend Kragset

Mange arbeidstimar har gått med. Her frå mai i år.

Foto: Arne Flatin / NRK

Bilen kjem neppe til å verte brukt så ofte. Det er trass alt ein open bil, og godversdagane på sunnmørskysten er det ikkje så alt for mange av. Og sjølv om det har vorte ein del arbeidstimar har ikkje bilen totalt sett kosta meir enn rundt 30 000 kroner.

Når Kragset er ferdig med dette prosjektet er han allereie i gang med å fundere på eit nytt. Kva det vert er han ikkje heilt sikker på enno, men at det vert eit kvart, det er han heilt sikker på.

Erlend Kragset

Slik såg prosjektet ut i februar

Foto: Arne Flatin / NRK