NRK Meny

Eriksen ferdig som Hødd-trenar

Hans Erik Eriksen er ferdig som trenar i Hødd. Eriksen blei løyst frå kontrakten i dag. Manglande resultat og utvikling utover sesongen er hovudgrunnane til at vi no avsluttar samarbeidet med Hans-Erik, seier styreleiar Bård Dalen. Hødd ligg tredje sist i 1.divisjon etter 13 kampar og har tre poeng opp til sikker plass. Steinar Lein vil leie treningane framover til nytt trenarteam er avklart.

Hans-Erik Eriksen
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK