Hopp til innhold

– Eg søv kanskje litt betre etter å ha sett han i augene

Erik Kursetgjerde frå Sykkylven er letta etter å ha vore i same lokale som gjerningsmannen bak terroren i Oslo og på Utøya. Kursetgjerde overlevde terroren og valde å møte opp i Oslo tingrett i dag.

Utøya fengslingsmøte terror Breivik

Mange tilhøyrarar hadde fått plass i Oslo tingrett i samband med fengslingsmøtet for gjerningsmannen bak terroren i Oslo og på Utøya 22. juli.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Erik Kursetgjerde overlevde massakren, men slit med inntrykka frå det som skjedde på Utøya. Han møtte i retten med ei von om at det skulle bli lettare å kome vidare i livet etter dette.

Erik Kursetgjerde

Erik Kursetgjerde møtte blikket til Anders Behring Breivik ein gong. – Han er ein kald person, seier Kursetgjerde.

Foto: NRK

– Det var fælt men bra samtidig. I byrjinga var det ei veldig kald stemning. Då han kom inn i salen blei det meir sjokkerande, eigentleg. At ein velkledd vestkantgut kunne gjere noko slikt, sjokkerte meg, seier Kursetgjerde.

– Han var nervøs

Det var første gang gjerningsmannen møtte i ein open rett. For første gong etter 22. juli kunne presse, folk som var direkte råka og andre sjå og høyre gjerningsmannen.

– I byrjinga var han klart nervøs. Han viste at han har eit stort behov for å markere seg, kor stor han er og kva rang han har i ei fiksjonell gruppe, seier Kursetgjerde.

– Veksla blikk ein gong

I løpet av fengslingsmøtet veksla Erik Kursetgjerde og Anders Behring Breivik blikk ein gong. Kursetgjerde opplevde blikket frå gjerningsmannen som kaldt og kjenslelaust.

– Han er veldig pompøs og ein veldig kald person. Eg veksla blikk med han ein gong i rettssalen. Eg følte at eg i hans auge ikkje betyr nokon ting, eg er ikkje noko individ ein gong, eg er ikkje ein person ein gong, eg er kanskje ein parasitt om eg er heldig.

– Korleis framsto han i retten?

– Han virka eigentleg ganske pinglete. Det er jo ei feig handling han har gjort, så det heng jo saman. Nervøsiteten og måten han framtrer på viser at han har eit dårleg sjølvbilde.

– Kjenner meg litt tryggare

Erik Kursetgjerde kjem til å følgje rettssaka når ho startar. Han meiner dette er rett for sin eigen del. Men han har stor forståing for at ikkje alle pårørande og ungdommar som var på Utøya vil gjere det same.

– Eg kjem til å følgje rettssaka vidare. Men det er veldig opp til kvar einskild kva dei vil gjere. Nokre greier dette, andre greier det ikkje i det heile teke.

Du seier du gjer dette for å føle deg tryggare. Fungerer det på denne måten?

– Eg sit kanskje igjen med ei kjensle av litt større tryggleik. Eg har sett han site med handjern på. Han er omringa av politimenn. Og han blir stilt for retten. Då kan på ein måte roa senke seg. Kanskje eg søv litt betre i natt, seier Erik Kursetgjerde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL