Hopp til innhold

Erik er ein av sunnmøres sterkaste menn

Erik Røen frå Ørskog kan enkelt løfte to velvaksne menn over hovudet. Denne helga set vektløftarar verdsrekordar på rekkje og rad i Fræna.

Erik Røen

Erik Røen frå Ørskog klarer 185 kilo i benken. Det har dei aller, aller fleste problem med å hamle opp med.

Foto: Roar Strøm / NRK

Erik Røen frå Ørskog er ein av styrkeløftarane som er i aksjon. For første gong arrangerer Fræna Atletklubb internasjonalt meisterskap for ungdom og junior, og Røen er ein av favorittane. Fredag ettermiddag løfta han 185 kilo i benken.

– Ja, det heldt, jubla han fornøgd like etterpå.

Verdsrekordar på løpande band

185 kilo svarar til to velvaksne menn, og er ei vekt dei færraste klarer å hamle opp med. Men Røen er ikkje åleine om å løfte tungt i Fræna denne helga. Her set dei rekordar på løpande band.

Ralf Male

Ralf Male i Fræna Atletklubb seier det er viktig å formidle fram at utøvarane deira er underlagt Antidoping Norge.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Det er kjempemoro å få ein slik konkurranse i Fræna, det er vår første internasjonale konkurranse, og vi har vore vitne til mange europa- og verdsrekordar sidan starten av stemnet, seier Ralf Male, som er med og arrangerer meisterskapet.

Les også:

100 styrkeløftarar frå inn- og utland

Over 100 styrkeløftarar frå Sverige, Danmark, Finnland, Island og Noreg er på plass i Fræna denne helga.

Emil Nordling

Svenske Emil Nordling var svært optimistisk før han gjekk til benken, men måtte gje seg.

Foto: Roar Strøm / NRK

Svenske Emil Nordling er ein av dei som likar å løfte tungt, og fredag ettermiddag var han ikkje i tvil om at han skulle slå dei norske.

Det er kult å løfte tungt, eg har alltid vore sterk, det er herleg.

Men klarer du å ta dei barske nordmennene?

Dei tek eg, det er ingen problem, sa svensken.

Kort tid etter måtte han gje seg. Men han har både laurdag og søndag til å ta revansje.

Erik Røen i benken

Erik Røen løfta 185 i benken fredag ettermiddag. Utøvarane har sett fleire verdsrekordar etter at dei møttest torsdag ettermiddag.

Foto: Roar Strøm / NRK