Hopp til innhold

Er uroa over kuttforslag

Ein rekke seksjonsleiarar ved ulike avdelingar på sjukehuset i Volda har skrive ein uttale til styret i Helse Møre og Romsdal etter at ei arbeidsgruppe har sagt nei til at sjukehuset skal ha funksjon som traumesjukehus. Der skriv dei mellom anna at dei ser med sterk uro på forslaget om å kutte traumefunksjonen. – Vi kan ikkje godta at livreddande kompetanse i Volda ikkje skal nyttast. Vi vil på det sterkaste oppmode styret om å vedta at Volda sjukehus skal vere akuttsjukehus med traumefunksjon. Våre tilsette er fagleg oppdaterte og vi har fleire døme på at traumefunksjonen i Volda har hatt avgjerande betydning for pasienten, står det i uttalen. Onsdag er det styremøte i Helse Møre og Romsdal.

Volda Sjukehus
Foto: Remi Sagen / NRK