Hopp til innhold

– Endeleg har det kome nysnø i fjellet

Snøen har endeleg lagt seg over Møre og Romsdal. Etter ein lang vinter med mildvêr er nedbøren hjerteleg velkomen til skisentera.

Driftsleder Stian Græsdal ved Stranda skisenter

Driftsleiar ved Stranda skisenter, Stian Græsdal.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Meteorologane har lenge meldt om tidleg vår og høgst uvanlege temperaturar. Enkelte har sett pris på den milde vinteren, medan andre har sakna å ha ski på føtene.

  • Har du vore på ski i dag? Send bileta dine til mr@nrk.no!

Fått over ein halvmeter med snø

Men no ser det ut til at du kan ta fram både langrennsski og slalåm igjen. Dagleg leiar ved Stranda skisenter, Stian Græsdal, seier at dei i helga har fått over 50 centimeter med nysnø.

– Kjærkome, seier Græsdal. – Vi har hatt ei veldig auke på folk denne helga, og det verkar som om mange set stor pris på laussnøen.

Det er ikkje tvil om at nysnø trekk fleire folk til fjells. Græsdal fortel om ein merkeleg vinter med nesten ingen snø.

– Sist det var kvit nedbør var i veke åtte, vinterferien, og det er nokre veker sidan no. Heldigvis har vi klart å leggje eit godt dekke med kunstsnø, så vi har likevel klart å halde ope.

– Det er ikkje vår enno

Overøye skisenter

Arena Overøye i Stordal har også fått mykje nysnø denne helga.

Foto: Arena Overøye
Sigmund Julshamn

Styreleiar ved Skaret skisenter i Molde, Sigmund Julshamn.

Foto: Roar Jonny Strøm/Norsk rikskringkasting

Han trur at nysnøen minner folk på at det framleis er vinter, og at våren ikkje har kome enno. Stranda skisenter har ikkje fått opna heile skitrekket så langt i sesongen, men håper at dei får gjere resten av løypene tilgjengeleg til neste helg. Dei har òg køyrt opp fleire kilometer med fine langrennsløyper.

– Vi kryssar fingrane for at snøen held i nokre veker til slik at påska vert bra. Det er meldt snø i neste veke òg, så vi får håpe at den blir liggande, seier Græsdal.

Håper på meir snø

Tor Petter Innselseth er driftsleiar ved Arena Overøye i Stordal, og dei har òg fått nesten ein halv meter med snø denne helga.

– Vi har hatt fleire besøkande enn tidlegare etter at snøen kom. Vi har ikkje fått opna det største trekket vårt, men viss det kjem meir snø så kan det hende vi får gjort det denne veka. Vi håpte på å få opna alt i dag, men slik vart det ikkje, seier Innselseth.

Han seier at dei har hatt ein spesiell sesong med lite skifolk. Han håper at det kjem nok snø slik at det held til påske, men han tviler.

Snøen kan redde NM

Skaret skisenter i Molde har planar om å ha NM om to veker. Styreleiar ved skisenteret, Sigmund Julshamn, seier at dei håper på enda meir nedbør.

– Vi har fått mellom 20 og 25 centimeter, og akkurat no køyrer vi opp alle løypene.

Han seier at det har ikkje kome så veldig mykje snø denne helga, men dei er optimistiske og håper at det vil kome nok slik at dei kan ha NM likevel.

Fantastiske forhold

Fjellseter skisenter i Sykkylven skriv på sine nettsider at dei har hatt fantastiske forhold denne helga.

– Det har kome over 30 centimeter nysnø som har lagt seg som eit fint topplag over kunstsnøen. Meir snø er også meldt utover dagen.

Søndag var både T-trekket, familietrekket og barnetrekket ope.

Stranda skisenter

Stranda skisenter har merka at fleire har kome på besøk etter at dei fekk meir snø i skibakken.

Foto: Stranda skisenter