Er redda ned frå fjellet i skyminga

Politiet og frivillige klarte laurdag ettermiddag å berge to kvinner i 30-åra ned frå fjellet Katthammaren i Nesset.

Laster kart, vennligst vent...
Synnøve Hole
Journalist

Siste kl. 18.31: Begge kvinnene er no ved sin eigen bil. Dei har ikkje behov for helsehjelp, er begge uskadde. Aksjonen blir dermed avslutta.

Siste kl. 18.18: dei to kvinnene er no nede på sti og på veg ned til bilveg, saman med frivillige frå Norsk Folkehjelp.

I det det allereie er i ferd med å mørkne laurdag ettermiddag forsøkjer politi og frivillige frå Norsk Folkehjelp å hjelpe to kvinner frå Molde ned frå ein ufrivillig langvarig fjelltur på Katthammaren (1260 m.o.h.).

- Det er bratt i området, og dei står fast, så vi må bruke tau og selar, seier opersajonsleiar Rolf Anders Korstad ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Ingen personskade

Dei to kvinnene kjem frå Molde og Oslo, og politiet veit ikkje om dei er kjende i fjellområdet frå før. Området er populært både blant fjellfolk og basehopparar.

Ingen av dei skal ha fått fysiske skadar, men må altså ha hjelp for å kome ned frå fjellet.

Brukar den tida dei treng

Politiet fekk melding om at kvinnene sat fast i 13.30-tida, og klokka 17.20 er frivillige komne fram til dei.

- Vi vil bruke så lang tid som vi treng, men vi håper å få dei ned til det er mørkt. Det er ikkje langt ned til næraste sti, så det går sikkert bra, seier Korstad.

NRK Møre og Romsdal kjem tilbake med meir.

Siste video/lyd

Han likar å halde på heime i garasjen. Tidlegare har han bygd ein kopi av Pelle Politibil, og i februar i år sette han i gang eit nytt prosjekt som han no er i ferd med å avslutte.
Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.