Hopp til innhold

Slik blei hyttefeltet sjåande ut då Statnett skulle utbetre to høgspentmaster

Djupe gjørmespor etter ein sekshjuling er resultatet etter at Statnett i haust har arbeidd like ved eit hyttefelt i Romsdal. No er dei melde til politiet, men skuldar på det dårlege veret.

Miljøkriminalitet Meisalfjellet

– UNØDVENDIG: Dei tilsette i Statnett burde heller ha gått enn å køyrt bil i marka, meiner både Norges miljøvernforbund og lokale hytteeigarar.

Foto: TIPSAR

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Hytteforeininga i det populære friluftsområdet i Romsdal blei heilt forferda då dei nyleg oppdaga dei djupe hjulspora i terrenget. Dei skjønte snart at det var Statnett som hadde vore på ferda. Det statlege energiselskapet driv reperasjonar av to høgspentmaster i området, og har brukt ein sekshjuling for å kome seg til og frå.

– Du er fødd med to føter til å gå på. Dette er rein vandalisme, seier Kurt Oddekalv, som er leiar i Norges miljøvernforbund.

Kurt Oddekalv

MELDER STATNETT: Norges miljøvernforbund med leiar Kurt Oddekalv i spissen har meldt Statnett til politiet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Dei har no meldt Statnett til politiet og ber om at dei får ei bot på 1,2 millionar.

Hevdar dei ikkje orkar å gå

Også den lokale hytteforeininga reagerer sterkt på det Statnett har gjort.

Aldri i verda om dette gror. Marka er heilt øydelagt. I 1964 gjorde dei noko liknande då dei bygde linja. Såra er der den dag i dag, seier Bjørn Ketil Myrset, som er sekretær i hytteforeininga i Meisalfjellet.

Miljøkriminalitet Meisalfjellet

– MARKA ER HEILT ØYDELAGT: Det meiner Bjørn Ketil Myrset i hytteforeininga i Meisalfjellet.

Foto: TIPSAR

Til avisa Driva seier han at arbeidet burde vore gjort om vinteren medan det var snø, eller om sommaren då det var tørt i området.

Oddekalv hevdar latskap er årsaka til såra i naturen.

– Det er unødvendig grov miljøkriminalitet. Dette handlar om at mannskapet blir køyrt fram og tilbake. Dei orkar ikkje å gå. Det er snakk om 1,2 kilometer kvar veg, seier han.

Martha Hagerup Nilson

BEKLAGAR: Martha Hagerup Nilson i Statnett beklagar skadane arbeidet deira har ført til, men lovar at det skal rydde opp etter seg.

Foto: Roar Halten / NRK

Skuldar på dårleg ver

Martha Hagerup Nilson, som er kommunikasjonssjef i region Midt i Statnett, seier det aldri har vore meininga at dei setje så djupe spor etter seg. Det beklagar dei.

– Vi hadde eigentleg planlagt å bruke eit helikopter. Men det har vore mykje dårleg ver, både skodde og vind. Dermed har vi ikkje kunne ha brukt helikopter til å frakte utstyr og mannskap inn til området. I staden har vi nytta ein sekshjuling, opplyser ho.

Ifølgje Nilson kjem Statnett – som er eit norsk statsføretak med ansvar for å utvikle, eige og drive det sentrale elektrisitetsnettet – til å rydde etter seg når arbeidet er ferdig om omlag to veker.

Klagar til Fylkesmannen

Også Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått saka på sitt bord. Dei har førebels ikkje trekt nokon konklusjon.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL