Hopp til innhold

Er frivillig på 13 festivalar

Vibeke Dahl Ulfsnes frå Surnadal reiser i sommar rundt som frivillig på festivalar rundt om i Noreg.

Vibeke Dahl Ulfsnes

13 FESTIVALAR: Vibeke Dahl Ulfsnes frå Surnadal reiser frå festival til festival for å vere frivillig, til saman skal ho innom 13 før september.

Foto: Privat

Sidan slutten av mai har Vibeke Dahl Ulfsnes frå Surnadal og venninna Marte Henriksen Bollum frå Nittedal reist frå festival til festival som frivillige. I desse dagar held dei to til på Slottsfjellfestivalen i Tønsberg, Ulfsnes fortel at det er fleire grunnar til at dei to har vald å vere frivillige heile sommaren.

– Det er stort sett på grunn av interesse for arbeidet og eit ønske om å hjelpe til at vi reiser rundt. I tillegg fekk vi plass på internprogrammet superklubb for Slottsfjell. Det tar opp så mykje tid no på sommaren at det vart vanskeleg å få seg sommarjobb, så då fann vi ut at vi skulle reise rundt og vere frivillige.

Dugnad

Ulfsnes studerer kulturleiing i Bø ved Høgskolen i Telemark. Ho fortel at ho mellom anna studerer dugnadsanda når dei reiser rundt frå festival til festival.

– Eg har etter kvart oppdaga at det er ganske mange både musikkfestivalar og andre som er avhengige av dugnad. I Noreg har vi ein tradisjon med dugnadsarbeid, det har vi også lært mykje om gjennom studiane. Så det er veldig kjekt å få vere med å vere frivillig.

Gjengangarar

Ulfsnes fortel at det ikkje verkar som det er så mange som reiser rundt frå festival til festival for å vere frivillige, men ho fortel at det likevel er mange av dei som er med fleire plassar.

– Sjølv om det er mange som er med fleire plassar, trur eg ikkje det berre er ein type personar som er frivillige. Men det er litt vanskeleg å seie, ein må iallfall ha ei viss interesse for organisasjonsarbeid og det ein jobbar for, fortel Ulfsnes.

13 festivalar

Til saman skal Ulfsnes vere med på 13 festivalar fram til september, mellom anna skal ho innom Romsdal og RaumaRock. Ho fortel at det nok blir lite tid heime i sommar, men håpar på eit par dagar.

– Det blir kanskje tre dagar heime i Surnadal før RaumaRock, eg må berre vente og sjå om eg rekk det.