Meiningane er mange, men delte. Trearbanden Målfrid, Marit og Margit har klare meiningar om kva som er OK og ikkje.
– Eg følgjer med litt kvar dag, men berre på det som er mest spanande, seier Marit.
- Les også:
- Les også:
Det er blant anna skiskyting som opptek damene mest. Dei meiner at folk bør få vurdere sjølve kor mykje tid ein skal bruke framfor OL-skjermen. Men dei er litt ueinige når det gjeld å sjå OL på jobb.
Emelie Slinning syns at det er heilt greitt at andre følgjer med på vinter-OL. Men ho er ikkje like interessert sjølv. Grethe Nordhelle, psykolog og advokat, meiner at OL i arbeidstida kan vere veldig positivt.
Det same meiner Margit, men Målfrid seier at det må vere litt lov å følgje med litt ekstra dei få dagane det er OL.
– Dei fleste tar nok igjen arbeidet, så det syns eg er greitt. Viss dei har lyst så får dei lov, seier ho.
OL = meir fritid
– Eg har så mykje anna å styre med, så eg tar meg ikkje tid til å sjå OL. Det er lett å bli lenka fast til sofaen, trur Emelie Slinning.
Ho fortel at bestemora hennar er sportsfrelst, og at ho følgjer med nesten heile døgnet.
– Det er veldig kjekt for ho, men ikkje fullt så kjekt for dei rundt ho som ikkje er like interessert. Sambuaren min følgjer også med ein del, men det betyr berre at eg får meit tid for meg sjølv. Det beste med OL og andre sportsarrangement er at e får meir fritid, seier Slinning.
OL kan vere psykisk næring
Grethe Nordhelle, psykolog og advokat, meiner at ein godt kan vere litt opptatt av OL – sjølv i arbeidstida.
– Viss ein ser OL i arbeidstida spørst det kor mykje jobb ein må ta igjen i ettertid, kritikk frå arbeidsgjevar og kor mykje dårleg samvit ein får, seier psykolog Grethe Nordhelle.
– Men på den andre sida så er OL berre kvart fjerde år, og det varar ikkje så veldig lenge, og det trur eg at sportsinteresserte og andre kan få psykisk næring av, seier psykologen.
Nordhelle seier at OL ikkje er bra for jobbens del, men det kan vere veldig positivt for dei som er engasjerte. Men gjerne utnytt lunsjpausen, seier ho.
– Ikkje greitt med OL på jobb
Butikktilsett i Ålesund storsenter seier at det er nesten ikkje folk i butikkane under viktige OL-disiplinar.
– Vi merker godt at det er mykje rolegare på senteret når dei norske utøvarane har viktige konkurransar. Men dei kjem etter at utøvarane har nådd mål.
Dei har korkje tv eller radiosignal inne i butikken, og ho fortel at ho ikkje hadde likt at eigne tilsette såg OL i arbeidstida, men ho har lagt merke til at mange tek OL med på jobb.
– Eg har sett at nokre har sendinga på laptop i butikken, slik at dei tilsette følgjer med bak disken. Men det er betre med OL enn Facebook på jobb, seier ho.