Hopp til innhold

Er bekymra for kutt

FAU-leiarar ved fleire skular i Molde kommune har sendt eit ope brev til ordføraren og andre politiske gruppeleiarar der dei ytrar si uro for varsla kutt i skulen. I brevet skriv dei at dei fryktar konsekvensane dersom dei føreslåtte kutta i skulen blir gjennomført og at det vil gå utover elevane og kapasiteten til lærarane.