Hopp til innhold

Epleslang lønner seg

Det surklar og klunkar, sirklar og renn når 600 kilo eple blir pressa og omgjort til gulbrun, gyllen saft. Ein særs vellukka epleslang ligg bak.

Plukking av epler

Det er kjekt å vere på epleslang i hagar på Stranda, meiner tre karar som er med på plukkinga av eple. Fv Petter Hellevik, Jan Tore Hasselø og Torbjørn Overå.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Lukta av eple leikar gjennom lokal i Valldal safteri. Kassevis med eple står stabla mot eine veggen. På andre sida av lokalet blir kasse etter kasse tømt i karet som spyler og ruller epla rundt før dei blir sendt vidare til kverna for måling og pressing.

Det kan vere brutalt å vere eple i Valldal og bli skvisa frå knasande, sprø frukt til rennande, leskande saft.

Frå produksjonen i Valldal safteri

John Magne Kaldhusdal Lykre passar på at tappinga av eplesafta går rett føre seg ved Valldal safteri.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Til slutt kjem safta til å ende på butikk til glede for ganer i vid omkrins. Historia til safta som blir til i safteriet, starta på andre sida av Storfjorden.

Hausting

I ein hage på Stranda står fleire krokete epletre med greiner tungt hengande mot marka. Dei bognar av eple. Fem arbeidskarar er i fullt driv ved det eine treet.

– Pass på, her kjem nokre til! To-tre eple rullar på plass ned i den grøne plastbøtta, før ivrige hender igjen grip etter fleire gulraude eple.

Lag på lag blir bøtta fylt opp. Dei fem plukkarane kjem frå bedrifta ASVO Produkt AS. Der jobbar vel 20 personar som har behov for ein tilrettelagt arbeidsplass i kortare eller lengre tid.

Epleklase

Årets frukthaust er svært stor. Mykje eple går til spille fordi eigarane ikkje maktar å plukke dei.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Hmmmm. Dei er kjempegode, seier den eine, og tek ein god jafs av eit nyhausta eple. – Altfor sure for meg, kjem det frå ein annan som skjer grimasar. Nokre smakebitar må det vere lov å ta som kvalitetssikring, meiner karane.

Epleslang i hagane på Stranda er moro, sjølv om det skjer på lovleg vis. Utan dette tiltaket, hadde epla neppe blitt hausta og omgjort til smakfull saft. I staden hadde dei helst hamna som brun og roten nedfallsfrukt. Til glede for mark og sniglar, og til dårleg samvit for hageeigarar utan tid elle krefter til å hauste godbitane.

epleplukking er kjekt

Torbjørn Overå smiler når han fortel om epleslang i barndomen i Liabygda. – Men det er kjekt med lovleg slang også, seier han.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Lindmo-program gav ideen

Standarane er kjende for å ha store, flotte eplehagar. Men mange har korkje tid eller helse til å hauste alt. Og det var synet av mykje uplukka frukt, som gav ideen til epleslang med meining.

Eg passerte eit kjempeflott epletre nedlåst med utplukka eple, og blei der og då inspirert av eit Lindmo-program på NRK i fjor haust. Dei viste bedrifta «Epleslang» som haustar eple frå private hagar, og lagar eplemost som dei sel lokalt i Oslo. Eg tenkte at noko liknande måtte vi også prøve, fortel tilretteleggar Randi Sæter.

Randi Sæter, tilretteleggar ASVO Produkt

Randi Sæter er oppglødd og glad for den store velviljen standarane har vist. – Epleslang på lovleg vis, er flotte greier, seier ho.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Stor respons

Bedrifta gjekk ut i lokalavisa Sunnmøringen og bad hageeigarar som ikkje får plukka epla sine sjølve, om å melde frå. Viss ASVO fekk frukta gratis for å lage saft, ville dei tilsette kome og plukke.

– Responsen var overveldande! Vi fekk så mange tilbod om plukking, at vi måtte seie stopp. No har vi plukka 600 kilo, og då kan vi rett og slett ikkje ta på oss stort meir, fortel Sæter smilande.

Cato Grønningsæter

Cato Grønningsæter er ein av arbeidarane som har vore med og hausta eple på Stranda.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

ASVO måtte rett og slett avgrense plukkinga til hagar i grendene Bygda og Langlo. Tre dagar på rad hausta dei eple, til stor glede for både plukkarar og hageeigarar.

–Det er mest Prinseple vi plukkar. Det er ekte, norske eple som visstnok blei dyrka fram første gong i Hardanger. I alle fall er det ein eplesort som trivst godt her på vestlandet, veit epleplukkarane å fortelje.

I bil over fjorden

Sist tysdag er endeleg så den store saft-dagen komen. Varebilen til bedrifta er stappa full med eplekasser, og tar ein verdfulle lasta med på ferja over fjorden til Liabygda og Valldal. På safteriet står sjefen sjølv, Ann Mattueeuws og mannskap klar til å ta epla vidare.

– Det ASVO gjer er så bra! tenk på all frukta som blir liggande på bakken utan å bli tatt vare på eller eten. Epla dei har plukka er av god kvalitet, så dette skal bli fin, fin saft, lovar Ann og tek imot eplelasset frå Stranda.

Eple bli most

Grzegorz Górecki og Ann Mattueeuws jamnar ut eplemos på ei plate. Denne blir så lagt i pressa til venstre, slik at safta kan renne ut.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

600 kilo eple krev heile dagen for dei tre tilsette i safteriet. Men godt assistert av Petter Hellevik og Randi Sæter frå ASVO, kjem prosessen i gang. Vasking, kverning og mosing og pressing. Deretter i pasteurisering og tapping av dei gylne dropane på flasker.

Tapping av eplesaft på flaske.

Så gyllen og fin blei eplesafta frå hagar på Stranda.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Kjempemoro å sjå på. No blir det spanande å sjå kor mange flasker saft det blir, seier Petter, fasinert av forvandlinga av eple til saft.

Mange,mange eplekasser blei det

Tilretteleggar Randi Sæter og Petter Hellevik hadde mange fulle eplekasser med til Valldal for å få epla omgjort til saft.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Saftflasker i rekke og rad

Ann veit å fortelje at 100 kilo eple gir i snitt 70 liter eple, og ho trur dette blir resultatet for dette oppdraget også. Dermed skulle det borge for 420 til 450 flasker for standarane!

– Jøje meg, Petter, her blir det masse å gjere vidare, seier Randi lettare overraska over kor mykje det blir ut av epleslangen.

eplesaft i rekke og rad.
Foto: Sissel Brunstad / NRK

Safteriet i Valldal går for fullt om dagen. No er det høgsesong. Førre laurdag tok dei imot heile 650 kilo eple og fekk det safta. Men då var kapasiteten for ein dag også sprengt.

Snart byrjar dei første flaskene med nytappa saft å bli ferdige. Varme og gode blir dei sett på eit bord for avkjøling. Neste etappe blir å få på dei nydesigna etikettar.

Trend med eiga saft

Safteriet ser at stadig fleire vil gjere som ASVO og få laga saft av eple, fortel Ann.

– Særleg mange unge familiar har fått auga opp for at dette er eit godt og naturleg produkt. Når safta blir pasteurisert slik som her, slepp vi å tilsetje noko som helst. Verken sukker eller andre tilsetjingsstoff blir blanda i.

Ho meiner safting er ein del av trenden vi no ser i heile landet, om at folk ønskjer å dyrke eigne grønsaker og lage meir heimelaga mat.

– Det er veldig artig å sjå. Samtidig har vi mange trufaste kundar som kjem att år etter år med frukt frå eigen hage, og får laga saft for heile vinteren, seier ho.

Den store testen

På tampen av dagen er Petter og Randi tilbake på bedrifta. Med seg har dei den aller første, verdifulle flaska med eplesaft. I kantina er fleire av dei tilsette samla. Spaninga er til å føle på. No skal dommen falle. Blei safta god nok? Held det til at ho kan seljast over disk?

Prøvesmaking av eplesaft

Hilde Karin Fjørstad er strålande glad for å få smake safta av sjølvplukka eple. – Fantastisk smak, er konklusjonen hennar.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Dette er berre nydeleg. Så kjekt at det blei så bra, utbryt Hilde Karin Fjørstad impulsivt etter frøste supen med eplesaft.

Så blir det prøvesmaking på dei andre kollegaene også. Her er det ingen tvil; safta er prima vare!

– Dette har eg god tru på, ja. Dette blir årets julegåve på Stranda, slår Jan Tore Hasselø fast. Dei andre nikkar samstemt.

Kvar og korleis safta skal omsetjast er enno til vurdering i bedrifta. Men at publikum fortener å få del i eplegleda, tvilar ingen på. No kan dette prøveprosjektet bli fast innslag om haustane til dei ASVO-tilsette. Epleslang kan løner seg på mange vis når den skjer på lovleg vis.

Fornøgde epleplukkarar

Super eplesaft, smiler gjengen ved ASVO på Stranda. Etter prøvesmakinga er dei klare for meir epleslang til neste haust. Frå venstre; Johnny Kvalsvik, Jan Tore Hasselø, Espen Heggen, Petter Hellevik, Hilde Karin Fjørstad og Bård Audun Relling.

Foto: Sissel Brunstad / NRK