Hopp til innhold

Enorme ringverknader

Hurtigrutekontraktane til Kleven gir store ringverknader for underleverandørar. Verftet prioriterer lokale leverandørar så sant dei er konkurransedyktige på kvalitet og pris.

Arve Holstad og Thore Veddegjerde, Kleven verft

Arve Holstad t.v. og Thore Veddegjerde, Kleven verft

Foto: Arne Flatin / NRK

Det er ikkje ferie på kontora til Kleven Verft på Dimnøya i Ulstein kommune no i juli. Både salsdirektøren og salssjefen har meir enn nok arbeid å henge fingrane i.

Salsdirektør Arve Holstad seier at dei vil bruke 650 årsverk på eitt skip, og då reknar dei 3500 årsverk pr. skip inkludert underleverandørar. Ved å gonge dette talet med fire så vert det eit formidabelt tal.

Avtalen til Kleven gjeld i første omgang bygging av to skip, men med opsjon på ytterlegare to fartøy.

Held på for fullt

Arbeidet med å velje ut underleverandørane held no på for fullt på kontora til Kleven.

– Ja, no er me ein gjeng som jobbar veldig breitt og set bort store pakkar for å sikre oss at både leveringstid og pris er i samsvar med kalkylane som me har, seier Holstad.

Det vil vere intens jobbing no med dette det komande halvåret, seier salsdirektøren.

Marginane er pressa så det er ingen automatikk i at dei som har levert til Kleven tidlegare er dei som vinn desse anboda, men Holstad er opptatt av at det vert funne gode løysingar i tillegg til pris.

Salssjef Thore Veddegjerde seier at dei har jobba med hurtigrutekontraktane allereie i over eitt år. Han seier dei skal levere mange fartøy i 2017 både ved verftet på Dimnøya og frå Myklebust verft som er ein del av Kleven-gruppa.

Frå 2018 er det god kapasitet til å starte for fullt med bygginga av hurtigrutene.

Kleven-arbeidarar i kantina

Det vert endå meir arbeid for dei Kleven-tilsette i tida som kjem.

Foto: Arne Flatin / NRK