Hopp til innhold

– I gata ved sida av er alle hus nedbrent og jamna med jorda

Nærmare 40.000 menneske måtte evakuere då skogbrannen i Colorado herja på det verste. Blant dei var norske Steve Urvik. Han returnerte til nedbrente gater og hus – men hans eige hus var tilnærma urørt.

– Det gjekk ein halvtime frå brannen var på toppen av fjellet til den nådde nabolaga. På ein halvtime var heile himmelen svart og det var flammar overalt. Skadane er enorme.

Det sa Steve Urvik den 27. juni, midt oppe i den enorme skogbrannen i Colorado i USA. Brannen starta laurdag 23. juni, og enda med at nærmare 40.000 menneske måtte evakuere husa sine.

Noah Kostanian Urvik

Her er son til Steve Urvik, Noah Kostanian Urvik, avbilda då familien måtte flykte frå flammehavet nær eigen heim.

Foto: Privat / NRK

Skogbrannen rasa i godt over éi veke, og Steve Urvik og familien levde lenge i uvisse om kor vidt huset var brent til grunne eller ikkje. Urvik, opphavleg frå Ulsteinvik på Sunnmøre, returnerte derimot til eit lite mirakel.

– Vi fekk elektrisitet og vatnet tilbake i førre veke, så no byrjar det å bli leveleg, seier Urvik på telefon.

For huset hans stod, heilt og tilnærma uskadd, midt i eit område med hus etter hus jamna med jorda.

– Eg har gått gjennom huset og her er røyklukt og slikt. I tillegg er her nokre store svimerke på terrassen, sikkert etter ting som har dala ned.

– Men vi har vore veldig, veldig heldige. Når vi ser på øydeleggingane rundt om i nabolaga ... vi har sloppe unna med skrekken, slår Sunnmøringen fast.

Saka held fram under videoen.

Steve Urvik og familien opplevde brannen i Colorado på nært hald. Her ser vi video frå nabolaget til Steve – der nærmast ingen hus står.

Fekk gladmeldinga via Facebook

Det var derimot lite som tyda på at huset til Urvik og familien ville overleve dei rasande flammane i Colorado Springs.

– På tysdag og onsdag for to veker var vi sikre på at huset vårt var vekke. Vi såg, med eigne auge, at flammane kom ned i nabolaget. Alt var røyklagt, fortel Urvik.

Seinare fekk derimot ulsteinvikaren og familien gladmeldinga.

– Vi fekk vite seinare at huset stod. Via Facebook, faktisk. Då var vi relativt lukkelege, og då vi kom tilbake og såg at det nesten ikkje var skader så var vi enda meir lukkelege.

– Litt småskadar var gode nyheiter, når ein veit og ser kva som har skjedd i resten av nabolaget, seier Urvik på telefon frå USA.

Saka held fram under bildet.

Storbrann i Colorado

Slik såg det ut då brannen i Colorado i slutten av juni stod på som verst.

Foto: Karl Gehring / Ap

Enorme skader i nabogata

Scenene og bilda frå nabolaget til Urvik er derimot ikkje noko glansbilde.

– Ein trur slikt berre skjer på TV, men så står ein midt oppi det. Øydeleggingane er heilt utrulege.

I hans gate var folk heldige, men i nabogatene og fleire hundre meter utover og nedover var ikkje menneske og familiar like heldige.

– Dersom eg går rett nedi nabolaget, eller til ei gate ved sidan av mi eiga og kikar inn. Så ser eg fleire hundre meter med hus, jamna til jorda og brent ned, fortel Urvik.

Sidan det var trygt å ta seg inn i området har politi, hjelpemannskap og militæret jobba på spreng. Urvik meiner derimot at det ikkje ville skjedd i like stor grad utan hjelp frå store stemmer.

Saka held fram under kartet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Obama fekk fortgang i prosessen

For besøket frå presidenten i USA, Barack Obama, gjorde at alle ressursar tilgjengeleg blei sett inn.

– At Obama kom og erklærte dette som katastrofeområde var viktig. Folk og alle har fått meir støtte frå Raudekrossen og myndigheitene.

– I tillegg måtte private forsikringsselskap sende ut katastrofeteam for å hjelpe. Då får ein fortgang, seier Urvik til NRK.no.

Han er i tillegg nærmast rørt av viljen til amerikanarane.

– Folk er så positive og har eit enormt pågangsmot. Folk er fokuserte på å byggje opp igjen hus og heimar.

– Vi tek steg for steg

For Steve Urvik og familien har ting roa seg, og han fortel at dei snart er tilbake til ein kvardag.

– Ting byrjar å kome på plass. Familien er på veg heim frå ferie no, og vi tek steg for steg.

– Men det tek tid. For heile nabolaget er nedbrent. Likevel, med tanke på at vi bur i eit katastrofeområdet så er livet ganske normalt, slår Urvik fast.

Brannen i Colorado har brent ned mange tusen hektar skog og fjell, i tillegg til hus og heimar. Sterk varme er vanleg i Colorado Springs, midt i USA.

– Men no har det vore litt regn dei siste ettermiddagane. Når det regnar her luktar det akkurat som om ein har helt vatn på eit brent bål.

– Så temperaturen har vore litt betre i det siste, men no blir det 2–3 veker med tørke, fortel Urvik.

Han og familien har sett og opplevd mykje, og Urvik oppsummerer det heile ganske enkelt.

– Vi slapp med skrekken og var veldig heldige.

Brannmannskap har fortsatt ikke kontroll på storbrannen i Colorado.

Slik såg det ut i Colorado Springs.