I Vestnes kommune var det kommunemønstring på Idahall i Tomrefjord laurdag. Heile 27 grupper, band og solistar stod på scenen.
I tillegg til det som skjedde på scenen, stilte unge kunstnarar med 32 verk på kunstutstillinga.
Fleire hundre menneske hadde møtt fram for å få med seg den store massemønstringa.
Det skal vere slike mønstringar i alle kommunane i Møre og Romsdal, unntatt Tustna.
Niandeklasse arrangerte
Ungdommens kulturmønstring er for dei som er 20 år og yngre. På Idahall i Tomrefjord var det elevane i 9.klasse ved Tomrefjord skule som stod for arrangementet, i samarbeid med foreldra. Sju av elevane var konferansierar.
Juryen får ein vanskeleg jobb med å finne ut kven som skal gå vidare til fylkesmønstringa på Åndalsnes 27.-29.mars.
Derifrå kjem nokre frå Møre og Romsdal til å bli sendt vidare til landsmønstringa i Trondheim 20.-22.juni.