NRK Meny
Normal

– Yrkessjåførar får hardast straff

For ein bussjåfør kan inndraging av førarkort få enorme konsekvensar. No reagerer fleire yrkessjåførar på politiet sine rutinar.

– Yrkessjåførar får hardast straff

Bussjåfør Roy Hatlehol er ein av dei som reagerer på at levebrødet heng i ein tynn tråd, dersom uhellet er ute.

Roy Hatlehol

– Det er ingen som køyrer på nokon med vilje, seier Roy Hatlehol.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det å kome opp i noko slikt er ein sjåfør sitt store mareritt, seier bussjåfør Roy Hatlehol, og snakkar om den skremmande episoden i Brattvåg på Sunnmøre.

Ein julidag, kvart på seks om morgonen opplevde han nemleg at ein rusa mann brått kom ut i vegbana.

Mannen vart hardt skadd då bussen traff han, og førarkortet vart inndrage på staden.

For bussjåføren kan eit beslaglagt førarkort motsvare ei bot i 100.000 kroners-klassen. Utan lappen kan han nemleg ikkje utføre jobben sin.

Belastning

– Yrkessjåførar er den yrkesgruppa som vert straffa hardast når ein er uheldig. Ein mister både jobb og inntekter, og eg tykkjer det er feil at det skal vere slik. Det er ingen som køyrer på nokon med vilje, seier Hatlehol.

Ein sertifikatlaus sjåfør vert raskt ei belastning for både arbeidsgjevaren og samfunnet.

– Eg følte meg som ein kriminell, som måtte passast på 24 timar i døgnet.

Avviser kritikken

Kjell Sigve Haugland

Politiadvokat Kjell Sigve Haugland ved Sunnmøre politidistrikt avviser kritikken.

Foto: Remi Sagen / NRK

Førarkortbeslaget fekk fagforeininga til å reagere. Det er mange slike saker, og sjåførane meiner politiet sin praksis er alt for streng.

– Det skal vere skjelling grunn til mistanke før ein dreg inn førarkortet. Eg tykkjer politiet må endre sine rutinar, seier regiontillitsvald i Nettbuss, Øystein Blom.

Politiet har forståing for at folk opplever det som tøft å miste arbeid og inntekt, men avviser påstandane om at dei er for strenge.

– Det vil alltid verte ei konkret og individuell vurdering av kvar enkelt sak. Viss ein meiner at det finst skjelling grunn til mistanke, så må ein vurdere å drage inn førarkortet.

– Forsking viser at det vert færre dødsulykker dersom ein er streng i handhevinga av denne typen saker, seier politiadvokat Kjell Sigve Haugland, i Sunnmøre politidistrikt.

Vond oppleving

Øystein Blom

Regiontillitsvald Øystein Blom i Nettbuss, seier politiet må endre sine rutinar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Saka har opprørt bussjåførane, for det er ingen sjølvsagt ting at ein skal ha løn og arbeid når ein ikkje kan køyre. Fagforeininga såg på dette som ei så viktig sak at dei fekk framforhandla ein spesiell avtale med arbeidsgjevaren.

– No har vi ein avtale som seier at ved eit uhell så får sjåføren framleis løn, inntil saka er avgjort. Så får vi håpe at vi får andre selskap med på lasset.

Bussjåføren fekk førarkortet tilbake etter ei stund. Men det heile var ei vond oppleving.

– Eg kan ikkje forstå at sjåførar ikkje skal få ha førarkortet sitt inntil saka er avgjort, seier Hatlehol.