Hopp til innhold

Det skal bli enklare å reise kollektivt

Frå nyttår blir det omfattande endringar i kollektivtilbodet i Møre og Romsdal. Det blir fleire avgangar, nye bussar og betre informasjon.

Fram Ekspressbuss

Slik blir dei nye bussane som erstattar TimEkspressen.

Foto: Pressefoto / Møre og Romsdal fylkeskommune

Ei av dei store omleggingane er at det blir sanntidsinformasjon til passasjerane både på utsida av bussane og inne i bussane. Dette tilbodet blir i første omgang lansert på ekspressbussane som går mellom Volda og Kristiansund.

  • Inne i bussen blir neste stasjon automatisk lest opp over høgtalar.
  • Inne i bussen gjev skjermar reisande informasjon om dei neste stoppestadene.
  • På utsida av bussen blir det opplesing av linje og endestasjon slik at dei som skal gå på bussen får betre informasjon. Opplesinga skjer automatisk når bussen har stoppa på ein haldeplass og dørene er opna.

For mange blinde og svaksynte er det vanskeleg å reise kollektivt. Men med sanntidsinformasjon blir terskelen senka slik at fleire kan bruke bussen som framkomstmiddel, seier prosjektleiar for sanntidinformasjon, Toril Karlsnes Viken til fylkeskommunen sine nettsider.

TimEkspressen blir Fram Ekspress

Frå nyttår blir TimEkspressen erstatta av Fram ekspress. Desse ekspressbussane skal vidareføre rutetilbodet på strekninga Volda-Ålesund-Molde-Kristiansund, med avgangar kvar time måndag til fredag, og litt sjeldnare i helgane.

Også togbussen mellom Ålesund og Åndalsnes blir Fram Ekspress.

Ekspressbussen mellom Volda og Kristiansund er sjølve navet i busstilbodet i fylket, seier samferdslesjef Arild Fuglset i eit oppslag på nettsidene til Møre og Romsdal fylkeskommune.

Nye rutetider

Fylkeskommunen har også revidert fleire av avgangstidene for bussane. Målet er å auke korrespondansane for ekspressbussane.

Årleg blir det gjennomført over 12 millionar bussreiser i Møre og Romsdal. Dette talet skal aukast når Møre og Romsdal fylkeskommune startar to nye busskontraktar på Sunnmøre 1. januar 2016.

– Vi vil gjere det enklare og meir attraktivt for innbyggjarar i fylket å velje kollektivt framfor bilen. Frå nyttår aukar vi passasjerkapasiteten og vi sett inn større og nye bussar slik at reisande kjem raskare fram, seier Fuglset.