Endrar resultatkrav

Styret i Helse Møre og Romsdal endrar kravet til overskot i 2020, og set kravet til 30 millionar kroner i staden for 60 millionar.

Samstundes blir posten for uføresette kostnader auka med 30 millionar kroner, slik at krava til omstilling blir ståande som i det opphavlege budsjettframlegget.

Bakgrunnen er både risikoen for at underskotet i 2019 blir større enn 80 millionar kroner og uvisse kring konstnadsutviklinga i året som kjem.

Styret er uroa over alderen på medisinskteknisk utstyr og etterslep på vedlikehald i føretaket. Difor ønskjer styret å oppretthalde nivået på investeringar og vurderer leasing av medisinskteknisk utstyr.

Styret bed administrerande direktør om å ha spesielt fokus på å redusere risikoen som er knytt til budsjettet.

Budsjettet er på brutto 6,5 milliardar kroner, og omstillingsbehovet i 2020 er på 165 millionar kroner. Omstillingsbehovet skal i hovudsak takast som kutt i klinikkane, men også gjennom auka inntekter, blant anna ved operasjonsstovene.

Styremøte i Helse Møre og Romsdal
Foto: Øyvind Sandnes / NRK