NRK Meny
Normal

Endra norsk historieskriving og blir æresdoktor

Jostein Fet viste at norske bønder på 1700- og 1800-talet var langt meir lesande og skrivande enn historia hadde framstilt det som.

Jostein Fet med ny bok

Jostein Fet får det største heidersteiknet ein person kan få av eit universitet når han snart blir utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Bergen.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Dette er så fantastisk og så veldig fortent. Alle applauderer, slår ein strålande nøgd rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda, fast i ein kommentar til at Volda-miljøet no får sin første æresdoktor nokon gong.

93 år gamle Jostein Fet skal snart dra til Universitetet i Bergen for å bli ta imot den høgast hengande akademiske graden ein kan få; æresdoktor.

Imponerande innsats

Arbeidet han har gjort som forskar, forfattar, kulturhistorikar og folkemusikkhistroikar har imponert i vide krinsar.

Johann Roppen

Johann Roppen er rektor ved Høgskulen i Volda, og svært stolt over at Høgskulen no får sin første æresdoktor.

Foto: Høgskulen i Volda

Det blir peikt på at han har levrt ny innsikt i norsk kulturhistorie ved å vise at norske bønder på 1700- og tidleg på 1800-talet både eigde bøker og las dei. Dette er kunnskap han leitte fram etter å ha gått gjennom fleire tusen protokollar etter arveskifte og mange andre kjelder, heiter det i eit skriv frå Universitetet i Bergen.

– Fet er ein forskar som har bidratt på eit heilt unikt vis, til å fordjupe kunnskapen om lesande og skrivande bønder, seier Johann Roppen.

Ein æresdoktor skal ha utmerka seg med viktig vitskapleg innsats eller framifrå arbeid til det beste frå vitskapen, heiter det i skrivet frå Det humanistiske fakultet, som står for utnemninga. Fakultetet understrekar også at fleire av bøkene til Fet har blitt viktige referanseverk i norsk og skandinavisk litteraturforsking.

To bøker av Jostein Fet

Dei to bøkene om lesande og skrivande bønder som Jostein Fet ga ut etter mange års forskning om emnet.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Pensjonist med flittig penn

Jostein Fet var også dosent og undervisningsleiar ved Høgskulen i Volda i mange år. Han oppretta Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal, eitt av dei første i landet. Der er tusenvis av folketonar, gamle viser, slåttar og anna samla inn frå heile fylket og teke vare på for ettertida.

Fet har også levert viktige bidrag innan mellom anna stadnamnforskning.

Han blei pensjonist alt i 1990. Men framleis set han spor etter seg gjennom si flittige penn som forskar.

Den gløymde litteraturen av Jostein Fet

Jostein Fet har gitt ut bøker nesten kvart einaste år sidan han blei pensjonist for 27 år sidan. "Den gløymde litteraturen" kom ut i 2015.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Han har gitt ut bøker i eit imponerande tempo og mest kvart einaste år sidan han blei pensjonist. Han auser av kjelder, arkiv og kunnskap han har samla gjennom eit langt liv. Så han er verkeleg eit akademisk førebilde for svært mange, seier Roppen.

Rektoren ved Høgskulen i Volda meiner æresdoktoratet til Jostein Fet vil skape enno større interesse for arbeida hans.

– Fet blir ikkje mindre aktuell i pensumlister og i forteljingane om oss sjølve no når dette skjer, seier Johann Roppen.

Den høgtidlege utnemninga til æresdoktor skjer i Universitetsaulaen i Bergen 5. mai.